Seks yrkesfagelevar ved Tryggheim vidaregåande skule viste innovasjonskraft på nasjonalt nivå.
Av over 13.000 elevar som har drive ungdomsbedrifter skuleåret 2023/24, blei Sheep Sleep UB frå Tryggheim vgs kåra til den tredje mest innovative i landet då NM blei arrangert i Nova Spektrum i Lillestrøm måndag 6. og tysdag 7. mai. Gründerspirene på programområdet Vg2 elenergi og ekom blei heidra for å utvikle ei sensorløysing som skal varsle bonden om lag 20 minutt før søya skal lemme.
Juryen gav denne grunngjevinga: «Bedriften løser et problem som kommer til å bidra til å gjøre bondeyrket mer attraktivt for neste generasjon. De har tenkt nytt, og har også muligheter for videre ekspansjon.»
I tillegg til å sikre pallplassering fekk dagleg leiar Filip Beniamin Cilan i ungdomsbedrifta presentere forretningsideen i eit møte med statssekretær Wenche Westberg (Sp) i Landbruksdepartementet under meisterskapen.