Cathrine Behrentz

Ny medarbeider

Ny administrasjonskonsulent ved regionkontoret i nordvest

Frå starten av april startar Cathrine Behrentz som administrasjonskonsulent i Misjonssambandet nordvest. Ho vil auke litt og litt i stilling fram til 1. august. Då vil ho vere i ein 60% stilling som adminstrasjonskonsulent og tek over for Mainy Bente Os som går av med pensjon til sommaren. Cathrine kjem til å følgje opp reiserute, Vestborgturne og andre oppgåver som Mainy har stått i her på kontoret.

Cathrine vart betre kjent for nokon i regionen då ho arbeida i eit vikariat som barne- og familiearbeidar i misjonssalen Ålesund i 2018-2020. Vi er glade for at Cathrine no gjer ein retur som tilsett i misjonssambandet, og for at ho får eit godt overlapp med Mainy.

Cathrine er utdanna lærar, er gift med Jan Kristian og har tre born.