j

Felles møteveke i Ryfylke

Mange plassar i regionen ligg bedehusa tett. Dei vart bygde i ei tid då busettinga var annleis og mange færre hadde bil. Misjonsforsamlinga på Talgje i Ryfylke har valt å samarbeide med forsamlinga i Vikevåg på Rennesøy.

Det er mykje møter og aktivitetar for born og unge begge plasser, men møta blir planlagt slik at dei ikkje kolliderer og det er mogleg å reise på tvers. Difor var det mange som tok turen til nabobedehuset då dei hadde felles møteaksjon i januar, først ei veke i Vikevåg og så andre veka på Talgje. Magne Vatland og Martin Lindhjem var med på begge møtevekene.

– Det er fint å vere saman med Martin. Han har ei nådegåve som er ulik mi og me utfyller kvarandre på ein god måte. Martin har den direkte appellen i si forkynning. Sjølv plar eg meir å arbeide i djupna med teksten for å forstå og kunne formidle innhaldet vidare, seier Magne Vatland.

 

Sett pris på forkynnarane

Lars Vårdal er leiar for styret for Misjonssambandet på Talgje og gjev uttrykk for at dei set stor pris på å få besøk av dei ulike forkynnarane som reiser i regionen. Han meiner det er flott med dei mange friviljuge forkynnarane som talar på enkelte møte, men for lengre seriar er dei heilt avhengige av dei som reiser fast.

– Trua kjem ved forkynninga. Det å sitje ned kveld etter kveld og høyre Guds ord gjer noko med oss. Det er viktig for oss som har vår faste plass på bedehuset at trua vår får næring. Det kan og vere enklare å invitere med seg andre når det er ein møteserie, seier han.

 

Informasjon på Facebook

På Talgje har dei opplevd at det kjem andre enn dei faste innom på møteseriane.

– Den personlege invitasjonen er viktig, men nokre kjem og fordi dei har sett plakaten, annonsen i lokalavisa eller informasjonen på Facebook, fortel Lars Vårdal.

– Møteseriane gjer det mogleg å gå djupare inn i eit tema. Då kan me få tid til å sjå på det Bibelen seier frå ulike innfallsvinklar og det gjev både heilheit og breidde. Han har tidlegare vore både misjonær i Indonesia og lærar på skule i Noreg, forklarar Magne og held fram: – Det er meiningsfullt og ei glede å få vere forkynnar og få gje vidare det ein sjølv har fått frå Guds ord.

Lars Vårdal ved pianoet
Ved pianoet:Lars Vårdal bidrar og med musikk til allsangen. Svein Kåre Harestad

 

Gå i djupna

Han legg til at det er eit privilegium å vere «frikjøpt» og slik ha tid til å lese og gå i djupna i Bibelen og i andre bøker som kan gje større forståing av det han les.

Lars stadfester at dei kan merke at forkynnarane som kjem har arbeidd med bibelordet. Han seier det er viktig at Misjonssambandet har faste talarar som kan kome rundt til dei ulike bedehusa med bibelsk fundert forkynning.

– Ei utfordring er å våge å ikkje berre forklare det som står i teksten, men å bruke den til å gje vegleiing i aktuelle spørsmål. Kristen tru går saman med kristent liv, og trua skal levast i kvardagen. Om då ikkje folk får svar på spørsmåla sine hjå oss, vil dei søke vegleiing andre stadar. Nokre gonger kan dei finne gode svar, men andre gonger finn dei svar som ikkje samsvarar med det Bibelen seier, understrekar Magne Vatland.

Magne Vatland på talerstolen
Magne Vatland:På talerstolen Svein Kåre Harestad

– Noko som og vert etterspurt er informasjon om misjonsarbeidet. Me treng å minne kvarandre på det oppdraget som Gud har gjeve oss og som me står saman om, fortel Magne.

På Talgje brukar dei ofte filmane som Misjonssambandet produserer frå misjonsarbeidet. – Møta våre er ikkje så ulike andre møter, men me prøver å fokusere ein del på arbeidet me driv på misjonsmarkene og det ansvaret me har der, legg Lars Vårdal til.

 

Viktig med kaffi

Ein viktig del av møta er og kaffikoppen etterpå. Eller rettare sagt, praten som kaffikoppen kan hjelpa til med. På Talgje har dei ikkje kaffi etter kvart møte, men litt prat er det alltid rom for. Og dei gongene det er kaffi og litt å bita i vert folk oftast sitjande lenge i prat.

– Me treng kvarandre. I ei forsamling skal me bry oss om kvarandre og utfylle kvarandre, seier Lars Vårdal og fortel at noko som har gjort djupt inntrykk på han er dei som gjekk på bedehuset då han var liten og som framleis er trufaste på møta no fleire tiår seinare.

– Det viser noko av kva forkynninga og fellesskapet betyr i kristenlivet.

For Lars Vårdal har det blitt naturleg å gå inn i det arbeidet som han har vakse opp med.

– Nådegåvene er ulike og lokalt. Nokre skal organisere arbeidet, nokre har ei særleg oppgåve i å be, og nokre har ei viktig oppgåve med å berre vere der for andre, seier han og opplever at dei står saman om arbeidet lokalt.

 

Bli kjende med Jesus

Ein ting som ligg Lars Vårdal på hjarta er og kor viktig det er med det lokale arbeidet for barn og unge. På Talgje er det både søndagsskule, fleire barnelag og ungdomslag. – Det betyr mykje for dei som veks opp og slik får bli kjende med Jesus. I tillegg gjev dette arbeidet òg ei kontaktflate til dei som ikkje går fast på bedehuset. Me skulle ynskje at det var like enkelt for vaksne å gå over tråskåla til bedehuset som det er for dei yngre. Men me kan ikkje verta motlause, me treng ordet for vår eigen del og me treng det for å gje det vidare til naboen, meiner Lars Vårdal.