Staben i nordvest

Be og arbeid

Den 27. februar var staben i misjonssambandet nordvest samla i Ålesund under overskrifta «Be og arbeid». Steinar Opheim frå Tent Norge hadde undervisning om kallet til arbeid, gudstenesta som ligg i det å gjere eit arbeid og om moglegheitene som finnes i arbeidet når ein arbeidar som for Herren.

Desse stabsmøtedagane har vi fire gonger i året i tillegg til ei medarbeidarsamling i desember, der vi brukar litt meir tid saman. For tilsette som stort sett nyttar heimekontor og er busett utover i regionen er det inspirerande å få bruke tid saman. Ein slik dag inneheld ulike element. Vi deler ord frå Gud, vi ber saman og vi deler frå arbeidet vi står i. Ofte har vi eit eige tema vi har undervisning om i tillegg til informasjon og oppdatering frå leiargruppa.

Denne tysdagen hadde vi besøk av Steinar Opheim som er dagleg leiar for Tent International som arbeider for å mobilisera arbeidsfolk til å tene Gud i og gjennom sitt arbeid. Tent står i ei viktig teneste med å hjelpe alle oss som står i et arbeid uansett kor det er, til å sjå stort på det å tene Gud gjennom dette arbeidet. Dei ynskjer også å hjelpe menneske til å dele Jesus vidare på arbeidsplassen sin.

Om du kunne tenke deg å få med deg eit slikt kurs til inspirasjon og hjelp i din arbeidsplass, så kan vi tipse om kurset som er i Bergen i mai:  https://tentinternational.org/events/bergen2024.

Om du tenker det kunne være aktuelt å hjelpe til å arrangere et slikt kurs i vår region, så ta gjerne kontakt!

Steinar Oppheim underviser
Steffen Stensland