NÅF

– Det er lite som kan måla seg med leir

Johannes ynskjer at endå fleire ungdommar på Østlandet skal få oppleva det kristne fellesskapet og det gode åndelege påfyllet som pregar Nyttårs- og Ungdomsfestivalen.

Saman med ein god gjeng med frivillige leiarar har festivalsjef Johannes Stubhaug Braut nyleg arrangert nyttårsfestivalen på Solbukta 2023/2024. Me tok ein prat med ham om langhelga.

Johannes
FESTIVALSJEF:Johannes Stubhaug Braut. Marielle Herje

— Dette var din første nyttårsfestival som hovudleiar, korleis vil du summere opp festivalen? 

— Eg synst det var utruleg kjekt å vera på Nyttårsfestivalen i år. Me var ein veldig fin gjeng på omkring 60 stykk som treivst godt i lag. Gjennom helga hadde me kjekke aktivitetar og konkurransar, fine møter, god mat, smågrupper og mykje latter og glede. 

LYS I VERDA

— Kva var temaet, og korleis prega det dagane? 

— Temaet for festivalen var «Lys». Jesus seier at han er lyset i verda. Me fekk høyra om kva det vil seia å følga Jesus og la lyset frå han leia oss i livet. Som kristne er me kalla til å gi Guds kjærleik vidare, og me fekk høyra om korleis me kan vera lys for andre i ord og handling i kvardagen vår. 

— Kva gjorde de? 

— På programmet stod det aktivitetar som Capture the Flag, paintball, boblefotball og stikkballturnering. Me hadde grip mikrofonen, underhaldningskveld med innslag frå ungdommane, gallamiddag og sjølvsagt fyrverkeri på nyttårsaftan. 

— Kva var høgdepunktet ditt? 

— Spør du meg er det lite som kan måla seg med leir, så det vart mange høgdepunkt i løpet av festivalen. Kjekkast av alt var nok å sjå deltakarane bli kjent med kvarandre gjennom smågrupper og aktivitetar. I tillegg var det veldig sterkt å feira nattverd i lag med ungdommane. 

— Etter mange år på Hurdal ble NÅF i år flytta til Solbukta, korleis synes du det har vore? 

— Det har vore veldig fint å vera på Solbukta. Der er det kjekke uteområde, bra mat og gode fasilitetar. Dessutan har dei bygt på ny, flott møtesal, så det kan bli plass til endå fleire. 

Aktivitet
GOD STEMNING:Det mangla ikkje på aktivitetsnivået på Solbukta. Åsmund Helland

HÅPAR PÅ GJENSYN

— Korleis ser du på festivalane i 2024?  

— Eg ser fram til festivalane som ligg framfor i 2024. Det er kjekt å få følga ungdommane over tid og me håpar at mange vil koma igjen både på Nyttårsfestivalen om eit år og på Ungdomsfestivalen på Fangekasa i mai. Me håpar også på å kunne nå endå lenger ut til nye ungdommar i år, og gi endå fleire gode opplevingar og viktig åndeleg påfyll. 

—  Er de i gang med planlegginga allereie?

— Me er i gang med planlegginga av Ungdomsfestivalen og eg trur det kan bli ein kjempebra festival på førsommaren. Det blir mykje uteaktivitetar, god stemning og fokus på Jesus og livet med han. Om ikkje alt for lenge er påmeldinga klar, så det er berre å spreie ordet og melda seg på.