Ungdomar spelar kort

NAV gjev mykje, men ikkje vennskap

Krigen i Ukraina varer ved, og kommunane har fått spørsmål om å ta imot fleire som er forventa å koma til oss. Kva kan me gjera i denne situasjonen? Les om kva dei gjorde i Samnanger då dei første kom.

Stod på trykk på regionsidene i Utsyn nr 11/2023

«Dersom dette hadde hendt oss, kva ville eg ønskt då?» Andrius Zdancius spør rundt bordet. Det har brote ut krig i Ukraina, og familien høyrer om mobilisering av menn, og kvinner og barn på flukt. Han svarer sjølv: «Då ville eg ønskt at nokon ville hjelpa.»

Snart kjem spørsmålet i ei Facebookgruppe, om nokon i Bergensområdet kan ta imot ei dame med ei jente?» «Ja, eg kan,» svarer Kristina. Ho hentar dei på Flesland, tek dei med heim til Samnanger, gjev dei overnatting, og køyrer dei seinare til togstasjonen, for dei skal vidare til asylmottaket i Flå. Før dama reiser, spør ho om det er muleg å koma tilbake til Samnanger og bu der. «Eg skal sjekka,» svarer Kristina, som då var kjøkken- og internatleiar i Sætervika.

Det var muleg, og dei flytta til Samnanger. Fleire kom, og endå fleire spurde, ryktet gjekk. Kristina involverte bedehuset, som stilte opp, saman med resten av bygda, vipsa pengar til mat og utstyr som måtte kjøpast og samla kle til gratis «klebutikk» i bedehuset.

 

Vennskap

Men ikkje berre det. Dei skapte ulike møtepunkt på bedehuset. Begynte å tolka talane til russisk, som dei fleste ukrainarane kan. Ein mann lika å fiska, han vart tatt med på fisketur. Folk vart inviterte med på hyttetur, for ein dag eller helg. Dei laga middag for å eta saman etter gudstenesta. Dei hadde juleverkstad i bedehuset. Nokre let folk bu hjå seg i korte periodar, før dei fekk bustad. Slik har dei bygd vennskap, og vore til uvurderleg hjelp og støtte for dei nye som har kome til ei bygd der alt er nytt og ukjent for dei.

Kommunen var ikkje førebudd på det store innrykket, men no er ting på plass og folk får mykje og god hjelp. Men NAV kan ikkje stilla med venner. Det kan kristne forsamlingar, situasjonen gjev god muligheit til å opna dørene. «Me må visa Bibelen, Gud, i praksis. Folk les det du seier og gjer. Me må ikkje vera «hemmeleg» kristne, men levande kristne,» seier Kristina, som har vore kontakt for ukrainarane.

No har Kristina fått jobb som flyktningkonsulent i kommunen. For ho heng ord og handling saman. Ho er opptatt av at ukrainarane er traumatiserte nok frå før og treng ikkje at me set dei på plass. Derimot treng dei både vår og Guds omsorg og kjærleik. NAV er tydelege på at forsamlinga i Samnanger har gjort ein stor jobb for denne gruppa.

Nokon som er der

Kristina og familien har sjølv vore innvandrarar og framande på ny plass. Då dei såg seg nøydde til å forlata Litauen og kom til Samnanger, ringde dei støtt og stadig til leiaren på bedehuset for å få hjelp. Det var uvurderleg å ha nokon å gå til.

No ringer folk til ho for hjelp til smått eller stort, det er utruleg mange ting å finna ut av når ein kjem til ny plass. «Eg kan hjelpa ein, men ikkje femti, eg kan levera fire på ein aktivitet, men ikkje 15, eg kan snakka i telefonen med nokon ein time, men ikkje fem slike samtalar,» seier ho for å visa noko av behovet for frivillige.

  

Forandra livet

– Dette har forandra livet vårt, legg Kristina til. – Når alt er roleg, me møter få nye og alt er kjent, er det lett å tenkja at me kan og veit, me får kristenlivet til. Men når me vert utfordra, slik tilkomsten av ukrainarane har gjort, ser me kor små me er, og kor avhengige me er av Gud, utan han kan me ingenting.  

– Ein dag må kanskje me flykta, kva ville me ønskt då? Då me kom til Norge, budde me i eit gamalt, ikkje fint hus, men me hadde alltid opne dører. Det er lett å verta påverka av kulturen som seier at ting må vera på stell først. Men det er ikkje viktig. Det viktige er å vera saman. Me må ikkje slutta å vera Guds hender, auge og føter.

 

Ikkje for «dei» – for «oss»

Forrige sommar var alt stengt, også bedehuset. Men ukrainarane hadde ikkje mindre behov for kontakt då. Så året etter ville dei ha noko også gjennom sommaren. Kristina er tydeleg på at «me» skal ikkje laga til noko for «dei». Alt som skjer må vera fordi me sjølv ønskjer det, fordi me ønskjer å vera saman med ukrainarane og ha noko for oss alle. Når det vert laga varmmat etter gudstenesta, er ikkje det «for ukrainarane», men for «oss», fordi me alle treng det, me alle har behov for fellesskapet det gjev. Først og fremst må me ha brannen og ønsket sjølv, og inkludera alle i det me gjer.

Denne sommaren skjedde det noko dei fleste søndagane, møte i bedehuset, samling heime hjå nokon, inne eller i hagen, felles tur eller andre ting. Å ha nokon å gå tur med, eller dra på fisketur med, sitja og strikka med, eller andre ting, er gull verdt for ukrainarane – eller norske for den del.