Forsamling og talar på skjerm

Talaren på skjerm

Alt var klart til den to veker lange møteserien. Flokken gledde seg til besøk av talar med røter i området. Songkrefter var på plass. Så kom skuffelsen…

I Gaupne i Sogn har dei i mange år hatt faste møteveker i månadsskiftet oktober/november. I staden for møte rundt omkring i dei ulike bygdene, samlast dei alle til denne møteserien i tettstaden Gaupne, inst i Sognefjorden.

Denne gongen var talar klar tidleg, og både han og flokken gledde seg til å møtast.

Så kom kontrameldinga, berre nokre dagar før møtestart – andre var sjuke, så talar måtte vera heime og stella garden. Kva gjer ein då? Nokre vart spurde om å steppa inn på kort varsel, men dei kunne ikkje.

Det var då tanken kom – kva med å ha talar med på skjerm? Kunne talar tenkja seg det? Ja, det kunne han!

Koret syng
Lokale songkrefter:Koret Dalaklang Marit Sofie Hurthi

Dermed vart det møteserie, med talar i Trøndelag og forsamling i Sogn. Og det fungerte bra. Sjølv om det alltid er betre å ha talaren fysisk til stades, ikkje minst for samtalar før og etter møta, så var dette ein god nummer to, når alternativet var å avlysa møta.