Julemesse i Ørsta

18.11.2023 - julemesse

Julemessa samler fullt hus

Ikkje vanskeleg å samle folk til julemesse i Ørsta.  Bedehuset vart fylt opp ganske raskt etter opninga kl. 11.  Nokre kom innom først og fremst for å kjøpe lefser og anna bakst.  Tradisjonelle basarar og julemesser er populære, og samlar lett mykje folk. Mat og prat, årer og lodd skaper god stemning rundt borda.

Det er mykje arbeid med å lage til, så komitéen hadde lagt ned stor innsats.  For misjonen sin økonomi er julemessene av stor betydning, men kanskje like viktig er betydninga av å skape eit møtepunkt for folk flest. Det kan ikkje vurderast høgt nok.  Som vanleg var det ei god blanding av born, unge familiar og godt vaksne folk som fann plass rundt borda, og som brukte nokre timar saman.

Så var det også innslag frå sena med song av ein damekvartett og andakt.  Det var med på å plasserte oss alle inn i ein samanheng  som er større enn oss.