Radioapparat

Morgonandakten

NRK fjernar andakten frå P1, og vil no berre ha den på P1+, ein kanal med mange færre lyttarar. Dette reagerer mange på, m.a. redaktøren i pTro.

Nyleg kom nyheita  om at NRK vel å fjerne morgonandakten i P1. Då vel dei å ta vekk eit tilbod som har lang historie både hos NRK og i den norske radiotradisjonen, og noko som er ein viktig start på dagen for mange.

Dette er eit merkeleg val av NRK. Vitnesbyrd frå Guds ord har vore med og prega det norske samfunnet i årtier, og eg tenkjer det har vore viktig for å forma verdiar i det norske samfunnet.

Dette er ei avspegling av samfunnsendringa – trua blir fjerna frå det offentlege rom. Eg trur ikkje dette er bra. Det kan vere gode intensjonar bak å sleppe mange livssyn til – men ingenting kan erstatte vitnesbyrdet om Jesus. Dersom ein skal formidle innhald frå mange livssyn – blir det då bodskap igjen? Blir det å gå frå formidling av kristen tru – til informasjon om ulike livssyn?

No forlet NRK det å formidle det unike håpet i Jesus – kven skal då formidle håpet til dei som lyttar og treng håp?

Lyttartal på NRK sin Morgenandakt har vist oss at menneske i Noreg treng dette i kvardagen. Difor vil radiokanaler som pTro halde fram med å snakke opent og frimodig om kristen tru, om håpet i Jesus og etterfølgelsen av Han.

Lytt til pTro om du er nysgjerrig på Jesus og kristen tru. Andaktsstoff, trushistorier, variert kristen musikk og aktuelle reportasjer.

Her får du andakter kvar dag – heile året!  Du finn oss på DAB og nettradio.

 

Anne Birgitte Lillebø Bøe

Redaktør og daglig leder pTro