Øystein og Arnfinn

Takk til Arnfinn Stige

Takk til Arnfinn frå styret på Vestheim Ungdomssenter

I samband med ettermiddagsmøtet på Vestheim ungdomssenter no sist søndag, ba leiaren i styret for ungdomssenteret, Øystein Johansen, om ordet. Der fekk Arnfinn Stige mange godord og takk for innsatsen som styrar på leirstaden. Han har hatt heile sitt lange yrkesliv i Misjonssambandet si teneste, og dei siste 26 åra på Vestheim. Det har vore en jobb med stor variasjon i oppgåver som må gjerast, og ofte for mykje å gjere i forhold til tida han har hatt. Men Arnfinn har stått på og han har aldri klaga. Andre har kanskje til tider klaga over at ikkje alt var slik dei kunne ynskje, men det har vore ei umogleg oppgåve å gjere alle til lags. Kor mykje jobb det faktisk er å drive Vestheim, har ein nok ikkje helt forstått før no når ny styrer skal overta, og ein ser at arbeidet på leirstaden er langt over eit årsverk. Sjølv om Arnfinn no vert pensjonist, så er det gode mogelegheiter for å ta i eit tak på leirstaden, og det håper styret at han har lyst til. 

For å vise sin store takk for jobben han har gjort på Vestheim, fekk Arnfinn blomar av styret og det var kjøpt inn ein stor marsipankake til Arnfinn. Kaka delte han med resten av forsamlinga etter møtet, og kake-restane tok han med heim for å kose seg med til kaffien. Me trur det blei nok til heile uka.

Marsipankake
Nils-Berge Sundfør