Søndag 23. juli vart det tradisjonsrike sommarstevne på Namdalseid halde på Solhaug Grendehus.
Dette stevnet som vert arrangert kvart år i juli har lange tradisjonar. Tidlegare var møtet i eit telt på Skaret, det såkalla Alteskarstevnet, – men dei siste 20 åra har Solhaug grendehus vore ein tenleg plass å samlast på.
Det er misjonsforeininga på Namdalseid som er tilslutta Misjonssambandet, som har stått som arrangør, og i år var me samla ein fin flokk på omlag 80 personar – i alle aldrar – frå 0 til over 90 år!
På desse stevna er det tradisjon med både tale og song. Georg Mork, tidlegare krets-sekretær for Namdal krets av NLM var talar. Han vaks opp på Tøtdal, og han har budd mange år andre stader i landet, men var no heime på ferie på gamle trakter. Han tala ut frå Lukas evangelium 14 om ein mann som gjorde eit stort gjestebod – og ba inn mange, men dei fleste ville ikkje koma.
Me fekk god og fin song av Randi og Klas Lindhjem frå Vestfold. Dei var på besøk hos familie her på Eidet. Flott at dei stiller opp og syng,- akkompagnert på piano av ei av døtrene. Ellers fekk me oppleva god forsamlings-song. Det er eit uttrykk som seier at «det var som om taket løfta seg». Og det kjentes nesten slik. Ei flott oppleving som eg skulle unt at fleire hadde fått opplevd.
Medbrakt mat og drikke høyrer og med på desse stevna. Og veret tillot at me kunne sitja ute. Det er godt tilrettelagt også for det på Solhaug. Etter matpausen var det anledning til å delta med helsingar og songforslag, og fleire tok ordet.
Me fekk erfara det som står i songen «Velsigna band som bind Guds folk i saman her». Det var godt å treffa kjente frå fleire stader i området – og fint at også nye kom og var med!