Bibelgruppe, ungdommer

Foreldre startar bibelgruppe

Har du sett "kakepynten" i Misjonssalen i Ålesund ein søndag foremiddag?

Har du vore på Misjonssalen i Ålesund ein søndag føremiddag? Blitt imponert over at her er så mange? Kanskje er det likevel berre kakepynten du har sett. Her skal du få presentert eit heilt kakestykke av Misjonssalen. Eit tiltak som verken styre eller pastor har bestemt.

Foreldre må ein dag sleppe handa til borna sine og la dei bli sjølvstendige. Det spesielle med kristne foreldre er at dei veit om ei sterkare hand dei kan overlate borna til. Korleis kan dei lukkast med det?

I Misjonssalen har fleire foreldre invitert heim born på same klassesteg – til bibelgruppe. Fellesskap med andre som trur på Jesus avgjer ofte om det skal gå bra, for unge og gamle. Dessutan er dette misjon, mange har oppdaga at våre eigne born er våre beste medarbeidarar!

Gruppene er bibelgrupper, men ikkje like! Behov, alder, nådegåve, kapasitet, interesse – dette gir ulik innfallsport. Margrethe og Andreas Bakke starta den første bibelgruppa, så vart det knoppskyting, nesten som ein krattskog: 

2005/06-kullet, Lisbeth og Robert Vestgarden: Stad: Hos Lisbeth og Robert. Idé: Skape vennskap som gjorde at dei hadde nokon å vere ilag med på Misjonssalen. «Liturgi»: Leik/icebreaker (mest då gruppa var ny), bibeltekst (Knut Tveitereid sine bøker har fungert flott), quiz med 5 kategoriar à 5 spørsmål, film (f.eks. newfaithnetwork.com) – 45 min episode med pizza eller tacobaguettar og iste er fast meny. Gode samtaler etter kvart som medlemmene har blitt eldre. I år var 5 frå bibelgruppa med på Fellesskap 23 i Oslo!

2007-kullet, Åshild og Alfred Reitan: - Gruppa var aktiv før pandemien og vi tenkte starte opp att etter konfirmasjonstida. Ei tid med mange andre oppgåver gjorde at vi ikkje klarte det. Kanskje kan dette pushet frå journalisten motivere til restart! Gjengen blir 16 år i år og mange går på Misjonssalen sin opne ungdomsklubb, «Fredag». 

2008-kullet, Julie og Knut-Asbjørn Ulstein:Gruppa har vore i drift i fleire år. Dei samlast rundt i heimane éin gong i månaden, Knut-Asbjørn og Julie er leiarar og vertskapet serverer kveldsmat.

05/06-gruppa var ein sterk motivasjon til å starte. Dei fleste som begynte hadde tilknyting til Misjonssalen, men ikkje alle.

- Vi har ikkje drive aktiv rekruttering, men sett det som viktig at gruppa blir godt kjent og trygge på kvarandre, seier Knut Asbjørn. Andaktene er undervisning frå Bibelen, korleis anvende Guds ord i kvardagslivet. Medlemmene får oppgåver dei skal svare på og så les dei opp svara etterpå. Spørsmål som er nær livet gir god respons, for eksempel «Kva er viktigaste/beste måten for deg å bli kjent med Jesus?». Etterpå er det quiz! Spørsmål frå dagens tema, og anna.

2009-kullet, Helga Terkelsen (administrator): Datoar blir sett opp for eit semester i gongen. Foreldre melder kva dato dei kan ta. Éin forelder har andakt, éin bestiller mat og har program/leik. Ingen hadde kapasitet til å ta dette åleine, men med denne fordelinga vart det bibelgruppe! Stad: Misjonssalen. 8-10 deltakarar er fast med.

2010-kullet, Trine og Ole Christian Roth: - Vårt mål har vore å motivere til å gå på Møre ungdomsskole, den kristne skulen her. Vi planla medan dei gjekk i 6. klasse og sendte så invitasjon til mange som kunne vere aktuelle elevar, ikkje berre frå Misjonssalen. Responsen var overveldande! Det spesielle er at det var berre jenter som kom. Vi har hatt samlingar rundt i heimane. Det blei jo etterkvart litt vanskeleg når vi passerte 30 stk.! Vi har fått bruke skulen, og ein gang hadde vi samling på treningssenteret der Trine jobbar.

Andakt, leik og teambuilding har styrka vennskap og gjorte fleire trygge på at de vil gå på Møre.

Ei gruppe for gutar 2010 er undervegs og vil bli starta av eit foreldrepar.

2011-kullet, Silje og Geir Henning Tunheim: Dei begynte dette skuleåret, inviterte frå Mix-klubb- og søndagsskulelista på Misjonssalen og fekk 100% ja. 14 sjetteklassingar samlast heime hos dei. - Idéen bak, seier Silje, er å bygge vennskap, gi lyst til å møtast på Misjonssalen, bli bevart i trua og eventuelt få lyst å gå på Møre ungdomsskule.

Dei har langt på veg «kopiert» opplegget til 2005-06-kullet og får svært god respons.