Sjekkane med den fantastiske sluttsummen talar for seg sjølv: 1,1 millionar til arbeid i Indonesia, og 100.000 til miljøtiltak på Lundeneset.
– Me har klart å samla inn sjukt mykje pengar til årets russeprosjekt! kunne russepresident David Nygård proklamera til stormande jubel og trampeklapp på avslutningsfesten til VG3 sist fredag.
Pengane som elevane har samla inn går til Misjonssambandet sitt arbeid i Indonesia. Midlane er retta mot den fattige befolkninga, og er øyremerkt helseprosjekt, styrka utdanningstilbodet og evangeliseringsarbeid.
I salen sat festpynta elevar, foreldre og tilsette. Det var ein takknemleg prosjektsjef som overrekte sjekk til Misjonssambandet: – Eg har også lyst å takka, for mange av dykk som sit her har mest sannsynleg vore med og støtta prosjektet vårt, sa Julie Pettersen.
Innsamlinga til årets prosjekt starta allereie i august, og har vart heile året. Gjennom blant anna misjonsløp, basar, kiosksal og cup, har inntektene auka på. Misjonsløpet, der elevar og andre skaffa sponsorar før dei sprang, genererte mest – nesten 900.000 kom inn på dette arrangementet før jul.
Skulerådgjevar Inga-May Naustvik i Misjonssambandet var tydeleg imponert over innsamlingsviljen til elevane: – Det er heilt fantastisk at ungdommar på 19 år brukar så mykje av både tid og pengar. Desse pengane rekk langt, og har stor betydning for barn, ungdom og vaksne i Indonesia, både at dei får høyra om Jesus og at dei får ein betre skulekvardag. Ta med Indonesia og engasjementet de har for andre menneske i hjarta dykkar i vidare også. På vegne av Misjonssambandet: Tusen, tusen hjarteleg takk.
Foto: På avslutningsfesten til Lundenesrussen blei sjekkane til Misjonssambandet og Lundeneset overrekt. Russepresident David Nygård held sjekken til venstre, medan prosjektansvarleg Julie Pettersen står bak den til høgre. Foto: Kees A. Z. Fjellvang.