Undervisning i kirken i Cono Norte

Vil skape endring

Peruanske statistikkar viser at vald og overgrep er utbreidd i landet. Kyrkjene jobbar derfor systematisk for at born skal få det betre.

I Peru og Bolivia har Misjonssambandet i fleire år støtta familieprosjekt i samarbeidskyrkjene, prosjekt som skal styrke familiane og førebygge vald og overgrep i nære relasjonar.

Maria Ernestina Vilcahuaman (34) er nytilsett i familieprosjektet i kyrkja i Peru, og ho er rundt i forskjellige lokalkyrkjer og på skular for å undervise og veilede.

  

Mykje frykt

I følgje statistikkane har 66 prosent av alle damer over 18 år i Peru blitt utsatt for anten fysisk vald, overgrep eller psykisk vald. Tala er dystre. Vilcuhuaman meiner dette er noko som har blitt normalisert i kulturen, og som mange lærar i heimane at skal vere slik.

– Heldigvis ser me at mange held på å vakne opp og forstår at dette ikkje er verken vanleg eller greitt, men mange kvinner er framleis redde, seier ho.

Vilcahuaman bruker mykje av tida si på å reise rundt i Arequipa, Tacna og Islay for å undervise. Ho forklarer at den siste tida har ho undervist ein del barn anten i kyrkja eller på skule om kristne verdiar, og om sjølvbilete.

– Me ynskjer at dei skal ha eit godt sjølvbilete, og at dei skal forstå at dei er skapt og elska av Gud, fortel ho. Ho har dei siste månadane vore fleire ganger i Cono Norte, i utkanten av Arequipa, for å bidra med undervisning til barna der.

 

Framleis viktig

Det er ikkje berre barna som får undervisning, mange ektepar har òg hatt god nytte av undervisninga hennar.

– Ein kan tenke at sidan dei er kristne, så har dei betre ekteskap enn andre eller veit alt eg skal seie, men slik er det ikkje. Eg har fått sett at veldig mange treng hjelp i ekteskapa sine. Mange slit. Det er eit stort behov for kristen undervisning om ekteskapet, fortel ho og legg til at det har vore sterkt for ho at mange har opna seg opp og spurt om hjelp i ekteskapa sine. – Det er fantastisk at me som kyrkje kan bidra til at fleire har det godt i ekteskapa sine.

– Sjølv om det i fleire år har blitt jobba med desse temaa for å betre familiane og forebygge vald og overgrep, så er arbeidet framleis viktig, avsluttar ho. 

Ekteskapskurs i kirken Divino Maestro
Ekteskapskurs :Mange par deltar på ekteskapskurs i Arequipa. Ernestina Maria Vilcahuaman