Studenter i auditoriet

Nytt eittårig studium på SETELA

I midten av april var det klart for det nye studietilbodet «Diplomado en confesiones luteranas» ved det teologiske seminaret SETELA i Arequipa.

Tilbodet er eit eittårig studium som tek sikte på å gje ei fordjuping i dei lutherske vedkjenningsskriftene. 

 

Seint, men godt

– Nokre dagar før oppstart var det berre to personar som hadde meldt seg på, og me var difor litt usikre på om me kom til å ha nok studentar for å gjennomføre, fortel rektor Félix Vargas. Men påmeldingane renn inn dei siste dagane, og på semesterstart var det over 30 personar samla på SETELA.

– Fleire av dei har studert på SETELA tidlegare og er no pastorar og leiarar i kyrkja, andre er frivillige i kyrkja og ynskjer meir kunnskap om trua si og den lutherske læra, seier rektoren.

 

Fysisk og digitalt

Det er hovudsakleg eit nettstudium, men der det òg er lagt opp til to fysiske samlingar. Første samling gjekk over tre dagar i Arequipa. Tidlegare misjonær, Kjell Jaren, underviste i tre dagar om IEL-P (Iglesia Evangélica Luterana – Peru) sitt opphav, og dei teologiske og misjonale vurderingar som blei gjort av dei første misjonærane.

Félix Vargas fortel at det var veldig interessant for studentane å høyre meir om den historiske konteksten til IEL-P.

– Det er alltid viktig å forstå meir av kven dei er og kvar dei kjem frå som kyrkje. Det å forstå historia si gjer at dei kan forstå kvifor dei har den læra dei har som kyrkje.

 

Eit viktig tilbod

– Eg er glad for at det eittårige studiet har blitt så godt motteke av pastorar, leiarar og medlemmane i kyrkja, seier Nancy Aroquipa, administrasjonsleiar ved SETELA.  Ho legg vekt på at det er veldig positivt å kunne tilby noko for tidlegare studentar og andre medlem i kyrkja og ikkje berre til dei som ynskjer å studere tre år på SETELA.

Jaren sjølv skildrar undervisningsturen som ein «høydare» i hans liv og seier at det var eit privilegium å ha fått vore med.

Felix Vargas og Kjell Jaren
Marianne T. Lindtjørn

– Nokon av studentane var faktisk med heilt frå starten av Misjonssambandet sitt arbeid i Peru, fortel han entusiastisk.  –Å kjenne historia og røtene våre gir oss ei forståing av dagens situasjon og kvifor ting har blitt som dei er – på godt og vondt avsluttar han.