Ole Os

KRASP sin takk til Ole

34 år og 136 korhelger har Ole Os hatt som hovedleiar i KRASPsør. Til sommaren går han av som pensjonist, og han blei takka for innsatsen av både korleiarar og sangarar.

Helga 12.-14. mai var Misjonssambandet nordvest sine to aspirantkor for 5.-8. klasse, KRASP, samla til øvingshelg på Vestheim ungdomssenter på Vestnes. I alt er dei i desse to kora nærare 80 som er med, om lag 60 av dei var samla denne helga. Øvingshelga vart avslutta med samling i Vestnes kyrkje med mange tilhøyrarar. Der vi fekk høyre KRASPnord og KRASPsør kvar for seg, og i fellesnummer.

Områdearbeider og barne- og ungdomsarbeider Ole Os vert til sommaren pensjonist. Før siste fellessangen blei Ole kalla fram, og han blei takka for innsatsen av leiarane i kora. Som felles gåve frå kora fekk Ole ein utebenk, såkalla “takkebenken”, som han skal plassere i hagen sin. Når pensjonisttida kjem kan han ta seg pausar på den nye takkebenken sin, når han gjer hagearbeid.

Gamle KRASP sangarer ville og seie nokre ord til Ole. Han har gjennom alle åra vært ein stabil voksenleiar som har betydd mye for barna/ungdommen som har gått i koret, både som kristent forbilde og som ein leiar som alltid hugsar namnet ditt og seier “hei – korleis går det med deg?”

Etter 136 korhelger og 34 år som hovedleiar i KRASPsør var det heilt naturleg at han vart takka med gode ord og gåver. I tillegg til benken vanka det både blomster og bamse til Ole, som tydeleg vart rørt over all merksemda.