Portrettbilde av Kristina

Frå Sætervika til flyktningkonsulent

Kristina Zdanciene har vore kjøkken- og internatleiar i Sætervika i ti år. Ho vert sakna når ho no har permisjon for å gjera andre oppgåver.

Alle som har vore innom Sætervika dei seinare åra, har nytt godt av Kristina sitt gode stell. No har ho fått eit års permisjon, for å gå inn i ei anna viktig oppgåve.

Etter at krigen braut ut i Ukraina, kom det mange flyktningar også til Samnanger. Kristina er russisktalande, og har frå første stund hatt nær kontakt med desse. No har ho fått eit års permisjon frå jobben i Sætervika for å jobba som flykningkonsulent i Samnanger kommune. Me ønskjer Kristina lukka til i nye oppgåver!

Irina Antic vil i dette tidsrommet auke si stilling på kjøkkenet frå 30% til 50%.

Malene Skartveit, som har en 30% stilling som barne- og ungdomsarbeider i regionen, vil gå inn i eit 40% engasjement i Kristina si permisjonstid.