
Innbrot på Volda bedehus
Overraskinga var stor for dei første som kom og skulle til Ørsta /Volda Misjonsforsamling si gudsteneste på Volda bedehus denne søndagen. I staden for lys på trappa og eit opplyst lokale var det politi som stod i døra og tok imot dei første som kom. Nokon hadde i løpet av natta knust ei glasrute ved døra, brote seg inn i huset og brukt det til overnatting. Det såg elles ikkje ut til at noko var øydelagt eller var borte etter innbrotet. Men ingen fekk kome inn i Volda bedehuset før politiet hadde gjort seg ferdig med undersøkingane. Den planlagde gudstenesta til Ørsta/Volda Misjonsforsamling med årsmøte i etterkant stod dermed i fare for å verte avlysast.
Men ei rask avgjerd frå dei første frammøte gjorde at gudstenesta vart flytta til Ørsta bedehus. Varsling på facebook og telefon gjorda at mange fekk beskjed, og gudstenesta kunne gå som planlagt, men med litt forseinka oppstart.