lime- og svigruppa

Liv og vaffelrøre på Tennfjord bedehus

Onsdagsklubben i Tennfjorden er i gang igjen etter koronapausen

Onsdagsklubben i Tennfjord måtte som mange andre ta koronapause i 2020. Det viste seg etterkvart at mange sakna dette møtetpunktet på bedehuset for 2.-7. klassingar. Leiarane fekk stadig spørsmål om ikkje ein snart skulle starte opp att, seier ein av dei som har vore med i mange år, Lise Kari Tennfjord Engås. Då ein endeleg kunne opne dørene igjen i oktober 2022 var det mange glade born som møtte opp, veldig mange!

Onsdagsklubben samlast annankvar veke. Då kjem om lag 40 born, nokre gongar fleire. Ein kan fort tenke at det må bli nokså kaotisk, men neidå, dyktige og erfarne leiarar har god kontroll. Dessutan er det ikkje uvanleg at nokre bestemødrer møter opp for hjelpe til og ha eit ekstra auge med «sine».

På ein time og tre kvarter får ein til eit rikhaldig program. Det er song, andakt, leikar, konkurransar, hobbyaktivitetar og matykt til slutt. Annankvar gong blir det også plass til utlodning, eit populært innslag. Pengane som kjem inn går til NLM sitt misjonsarbeid.

På dei ulike aktivitetane er borna delt i grupper og rullerar på desse kvar gong. Faste innslag er Wii-dataspelgruppe, snikre-lime-svi-gruppe, hobbygruppe og ikkje minst ein gjeng på kjøkenet. Sistnemnde syter for at det blir litt i magen for alle saman før ein går frå kvarandre.

Berit på onsdagsklubben
Oscar Nordbø

Mellom dei trufaste leiarane har Berit Skaar Vadset teke på seg hovudansvaret. Kvar gong må det planleggast og leggast til rette anten det gjeld utlodning, aktivitetar, ansvarsfordeling osv. Ein heil jobb.  «Ja førebuing må til, men leiarane har faste oppgåver som dei har ansvar for, dermed går mykje av arbeidet av seg sjølv. Vi er sju faste leiarar pluss at nokre er med å hjelper til på gruppene», seier Berit. Ho held fram at det viktig å ha med nok leiarar slik at borna som kjem blir sett, kvar einskild. «Og så er vi glade for at Regionkontoret ofte ordnar andaktshjelp. Det er ei god støtte.»

«Det er klart at det kan vere slitsomt inn i mellom, men når ein ser kor kjekt borna har det, når dei kjem att gong etter gong, når dei trivast og har det bra så er det veldig motiverande. Og så er det ikkje så mange stadar lenger der borna får høyre om Jesus. Difor synest vi det er verdt å bruke tid og krefter på Onsdagklubben i Tennfjord»