Fløytespill

Damedag i Ørsta

Endå eitt år kan vi takke for flott Damedag

Songkvartetten Astrid Gunelie Dimmen, Ingeborg Lid Berget, Torbjørg Dimmen Åmås og Marit Lid Skorstad med Ånon Dalane på piano gav fleire songinnslag både som kvartett og med solosong.  Det skapte god stemning gjennom dei ulike innslaga på Damedagen på Ørsta bedehus.

Misjonstimen vart innleia med Sør- Amerikanske fløytetonar (quena fløyte) av Torbjørg Dimmen Åmås. Dei karakteristiske Andinske fløytetonane til songen «Bi på Herren vær ved godt mot», gav ein fin overgang til misjonstimen med Peru misjonær Alice Krogsæter-Aragon frå Vatne.  Ho minte om 3 kvinner i Bibelen og om kvinner ho hadde møtt som misjonær i Peru. Dei tente Herren på ulike måtar med stor styrke og ved den nåde Gud gav dei. Og ho minte om Guds kall og hans velsigning som han gir når vi i kvardagen får gå inn i dei gjerningane han har lagt ferdige for oss. Møteleiar minte oss om å «vente på Herren og vere ved godt mot» og la hans nåde og styrke vere vår hjelp i dei mange situasjonane og oppgåvene vi står overfor.   

Kvartett
sd

44 damer var med på Damedagen på Ørsta bedehus.  Det starta med lunsj-bagettar og kaffi, og god tid til å prate og helse på kjende og ukjende. Bibelsamlinga, misjonstimen og songinnslaga  gav tankar og refleksjon om Guds nåde og hjelp,  og inspirasjon til misjonsarbeid i nabolag og til dei menneska som enno manglar kjennskapen til Jesus Kristus og hans frelse.

Dagen vart avslutta med middag, kaffe og kaker.