Sør-Amerika

Stadig nye overraskingar

Klokka er 05.00 og me har allereie stått opp. I dag skal me på tur opp i fjella, til byen Juliaca som ligg om lag fire timar frå Arequipa der me bur. Svein Harald er i farspermisjon, så dotter vår, Othelia, på eitt år, blir òg med på tur.

Artikkelen er på trykk i Utsyns regionsider nr. 1/2023.

Det er ein allsidig kvardag som utsending og som stedlig representant. Oppgåvene kan vere alt frå å jobbe med eigedomsutvikling til studieplanar på det teologiske seminaret og til samtalar med samarbeidskyrkjene våre.

I dag er ein slik dag der me skal ha samtalar med ei av kyrkjene. Etterpå skal me besøke ein barne- og ungdomsskule som kyrkja eig og som har søkt oss om pengar til utbygging. Svein Harald skal i møter med prosjektgruppa for kaffiprosjektet til kyrkja.

Sør-Amerika
Familien Lindtjørn :Marianne, Svein Harald og Othelia. Privat

FAMILIEN LINDTJØRN

Marianne Thormodsæter Lindtjørn, 31 år, utdanna teolog, Stedlig representant for Misjonssambandet i Sør-Amerika 

Svein Harald Lindtjørn, 32 år, utdanna maskiningeniør, utsending for Misjonssambandet i Sør-Amerika. Jobbar med bærekraftsprosjekt

Othelia Thormodsæter Lindtjørn, 1 år, peruansk og norsk statsborgar 

Konfetti og «Ja, vi elsker»

Ettersom mykje matvarer og drivstoff kjem heilt frå kysten og opp i fjella, er det mykje tungtransport oppover til Juliaca. Heile turen er ei øving i forbikøyring.

Eg hadde tenkt det skulle vere kaldare i Juliaca. Men sola skin og me er på nesten 4000 moh, så det er varmt og godt.

Etter praten med kyrkja, skal me bort til skulen Martin Lutero. Kyrkjeleiarane er i dag veldig opptekne av at me ikkje må kome for seint. Og rett før me går, lurer dei på kva som er rett versjon av «Ja, vi elsker».

Dette er ikkje særleg typisk her, verken at me skal vere så presise eller at me skal høyre på nasjonalsongen til Noreg. Noko er ikkje som det plar å vere.

I det me kjem fram til skulen, blir det kasta konfetti over meg og eg får på meg ein poncho. Alle elevane er på plass, og eg og kyrkjeleiinga inntek heidersplassen framføre alle. Det som skulle vere eit roleg møte for å sjå på mogleikar har no blitt ei offisiell samling med talar, gåver og nasjonalsongar.

Eg er i alle fall ikkje i tvil om at det er eit behov for å bygge fleire klasserom. Til og med leiaren for utdanningsmyndigheitene i distriktet har teke seg turen for å fortelje kor viktig utbygginga er.

Eg tek meg i å tenke at sjølv etter mange år i Peru, får ein ennå slike overraskingar der ein trur ein skal éin ting og endar opp i noko heilt anna.

Sør-Amerika
MARIANNE:På skulen Martin Lutero, her saman med foreldreutvalet på skulen. Privat

Kaffieksport til Noreg

Etter fleire timar med glitter og glam, er det no Svein Harald som skal i møte og eg som skal vere med Othelia.

Svein Harald jobbar med eit kaffiprosjekt saman med kyrkja der dei eksporterer kaffi til Noreg. I dag har dei møter saman med prosjektgruppa der dei ser på kva visjonar og målsettingar den nye bedrifta skal ha.

Målet er å generere inntekter til kyrkja ved å eksportere kaffi til Noreg samt kunne bety noko for kaffibonden og det lokalsamfunnet ein kjøper kaffi frå.

Meiningsfullt

Det er mykje reising, spanande oppgåver og travle dagar som utsendingar. Det er likevel meiningsfullt å få stå i oppgåvene: å få tene Gud og bidra til at evangeliet kjem endå eit stykke lengre ut i Peru og Bolivia.