Mann hopper på miniski

Påske og familie

Påske- og familieleir på Vestborg har vore ein fast happening på Sunnmøre i mange år. Etter ein pandemi er det behov for å relansere den med nye familiar som vil nytte påska til familie, fjell, Jesus og fellesskap.

Fleire av dei som har vore sentrale i å arrangere familieleir på Vestborg har i løpet av to år i pandemien bevega seg over i kanten av primærmålgruppa for leiren. Det har gjort at det har vore krevjande å finne erstattarar for dei som i mange år har vore med å bære arbeidet med leiren.

Etter å ha spurt mange så ser vi oss nøydt til å avlyse familieleiren på Vestborg i år. Vi vil likevel relansere leiren i 2024 og vil difor kome i kontakt med barnefamiliar som saman kan vere med å planlegge å gjennomføre leiren i 2024.

Vestborg er ein ideell stad å arrangere ein slik leir, med fantastiske skifasilitetar på Strandafjellet, god plass til mange familiar på internata, ein stor matsal som kan mette mange og ein gymsal som kan nyttast til mange aktivitetar.

Kjenner du, eller kan du tenke deg sjølv å legge påskefeiringa til Stranda neste år; ta kontakt med regionleiar: sstensland@nlm.no .