Fullt i Gjenbruken på åpningsdagen

Stor interesse for den nye Gjenbruken i Volda

Gjenbruksbutikken som flytta frå Ørsta til nye lokaler i Volda vart opna laurdag 5. november.

I fleire veker har mange friviljuge vore med på å innreie butikken og førebu opninga, og på laurdag kunne endeleg dei første kundane går inn i det nye butikklokalet. Køa var lang på utsida før dørene vart opna kl 12:00. 

Men før opninga av dørene var det fleire som fekk ordet for å gratulere og ynskje lykke til med butikkdrifta.  Ordføraren i Volda, Sølvi Dimmen gratulerte med opninga og nemnde i talen sin betydninga av at samfunnet er oppteken av gjenbruk og kva betydning det har for miljøet og klimaet.  Ho nemnde også den sosiale betydninga butikken kan spele for folk i Volda. 

Leiar i Gjenbruken AS Bjarte Rydland fortalde om kva inntektene går til.  Han nemnde Misjonssambandet sitt diakonale arbeid i Aust Afrika der vi har vore med på bygging av store vass-sisterner som kan samle opp vatn i regntida til bruk i tørketida. Dette har stor betydning for folk som bur i dei tørkeramma områda. Arbeidet i butikken er basert på friviljug innsats og alt overskotet går til ulike diakonale tiltak i misjonen.

Det var mykje folk og god stemning, og før butikkleiar Hermann Dahl kunne opne dørene, klipte ordføraren av snora så folk kunne gå inn.