Arve G. Walde

Smågrupper forandrar liv

Det er uendeleg mange vitnemål om at livsnære smågrupper gjer noko med folk. Slik vert smågruppene ein veg til vekst - både på det personlege plan, men og til forsamlingsvekst.

Smågrupper er viktigare enn søndagsmøta. I det mindre fellesskapet kjem me tettare på livet og får sterkare relasjonar, meiner Arve Grøvan Walde. Han er smågruppekoordinator i Tremorkirken på Sotra, og har sjølv starta opp fleire grupper. Han spør folk om dei ønskjer å vera med i ei gruppe. Nokre svarer ja, andre nei. Når han spør meir om kvifor folk ikkje vil vera med, får han ulike svar. Men når han går litt tettare på, svarer fleire at dei har prøvd det før, og synest ikkje dei fekk noko særleg ut av det.

 

Slik har det ikkje vore i Arve sine grupper. Folk har funne seg til rette, og nye har kome til, så mange at han har gjeve leiinga av gruppa vidare til ein annan, og sjølv gått ut av gruppa for å starta ei ny gruppe.

 

Kva er det viktigaste for ei gruppe?

– Å prioritera den, kjem det raskt. – Når ein har minst lyst og det er tyngst å gå, då treng ein det mest. Det skjer noko når ein vel å gå, ein ønskjer noko, og ein får snudd fokuset. Det er mange døme på at folk har kome inn sliten og umotivert, men går ut igjen glad og takknemleg. Det må vera rom for å berre koma og sitja, utan å seia så mykje.

 

Bibel, liv, bønn og tilbeding

Tremorkirken har mange smågrupper. Nokre har eit fast opplegg, andre ikkje. Nokre syng saman, andre lyttar til lovsong. Gruppene er ulike, men dei har nokre felles verdiar dei jobbar etter. Smågruppene er ikkje til for teologiske diskusjonar, men for at det dei les i bibelen skal verta anvendt inn i kvardagslivet.

 

Bønn og tilbeding er ein viktig base. I Arve si gruppe skriv dei bønneemna ned på ei liste, som dei jamleg går gjennom. Slik ser dei tydelegare når dei får bønnesvar, og dei hugsar å be vidare for det dei enno ikkje har fått svar på. Ved å snakka ærleg om livet, og kva som er utfordrande, både i kvardagen og i trua, får dei stadig nye ting å be for, og ein nærare relasjon både med Gud og med kvarandre.

 

- Korleis få til å dela ærleg liv i gruppa?

- Det handlar om at nokon går føre og vågar vera sårbar og snakka ærleg også om det som er vanskeleg både i livet og i trua. Og det handlar om å ta bibelteksten inn i kvardagslivet, la bibelordet få betydning for livet vårt. Og be konkret for det den enkelte tek fram.

 

Inkluderande grupper

Det er også viktig at gruppene er opne for å invitera inn nye som treng eller ønskjer ei gruppe. Det kan vera nye som kjem innom på samlingar, men det kan like godt vera folk utanfor kyrkja. Det er mange som ønskjer vera med i ei slik gruppe, når dei berre vert invitert. Smågrupper er ofte ein god inngangsport til eit aktivt Guds- og kyrkjeliv.

 

Sjå gjerne dette korte videoklippet med ein som fortel om kva smågruppa hans, som Arve starta, har betydd for han.

Ønskjer du vita meir om smågrupper, sjå gjerne dette webinaret.