Alltid god mat på Utsyn

Flott mannsweekend på Utsyn

Mannsweekenden på Utsyn blei arrangert for 5. år på rad helga 23-25 september. Véret viste seg frå si beste side og responsen frå deltakarane er gode!

Steffen Stensland var med som talar. Han er frå Fogn, men bur no i Ulsteinvik og er til dagleg pastor i Ørsta og Volda Misjonsforsamling. Han underviste ut frå temaet «I eksil» og tok utgangspunkt i 1. Peters brev. Tid til samtale i grupper rundt ulike bibeltekstar blei det òg. Laurdag kveld talte hovudleiar Werner Larsen til oss, og me fekk ta del i mange sterke vitnesbyrd og bønnebegjær. Sundag formiddag fekk me dela nattverd i lag og ordet blei gitt fritt. Ei flott avslutning på helga!

Nye bekjentskap, treffe gamle kjente, samt kaffi, kvile og drøs høyrer også med. Utsyn leverte igjen herlege måltider og dei fleste gjekk nok stappmette frå dei kom til dei reiste. Takk til Sissel Marie og gjengen på kjøken for flott oppvartning! Me er også heldige å ha med Svein Sturla Tonstad, som kvart år inntar kjøken og lager festkaker til oss.

På laurdag gjorde ein gjeng ein flott dugnadsinnsats med å merke opp parkeringsplassar utanfor, mens fleire reiste på båttur til Helgøy der me fekk smaka eplemost og fekk eit lite glimt av korleis innhaustning av epler foregår. Ein flott dag på alle måter!

Det blir ny mannsweekend neste år, om Herren dryger. Du er hjertelig velkommen! Til no har deltakarantallet vore mellom 30-40. Kanskje bikkar me 50 neste år?

Varmt velkommen til Utsyn og Ryfylke!

Helsing komiteen

Stian Vadla, Jo Sølve Dalane, Werner Larsen og Bjarne Ydstebø