Ellen og Arnfinn

Kjempehelg på Dovrefjell

Etter to turbulente år ser  kalenderen til Vestheim denne hausten ut om lag slik den har brukt å vere.  Hausten er den tida av året då mange vil arrangere leirar. I September, Oktober og November er det i år tretten helgar.  I elleve av dei var det planlagt arrangement.  Takka vere gode og trufaste Vestheimvener slapp vi å gå dei tretten helgane i møte med utsikt til berre to frihelgar.

Ellen og Arnfinn
Ellen Taklo

Sist helg stilte Geir Andresen og Roar Johansen opp og tok ansvar for kjøkkenet medan Ellen og eg fekk oss ei flott helg på fjellet (det ryktast at konene deira, Vigdis og Bodil også bidrog). Så mens regnet bøtta ned  her i Nordvest, kunne vi nyte tørt underlag i fineveret på Dovrefjell.  Vi såg ingen moskusdyr, men nokre ryper flaksa opp for å komme seg unna oss inntrengarar. Til gjengjeld kunne vi til fulle nyte den storslåtte fargeprakta som dekte fjellviddene.   På vegen heim fekk vi også oppleve den spektakulære sida av alt regnet som kom denne helga.  Dei stupbratte fjellsidene i Sunndalen var kledd av ei uendeleg rekke av store og små elvar og fossar som stupte ned mot dalbotnen.