Bilde av Ole Audun Os

– Fantastisk å koma til Lundeneset

Når elevar nærmast står i kø for å koma på møte, blar i biblar, og har god tid til ein prat etter møta, då er det flott å vera forkynnar, synest Ole Audun Os.

– Det er fantastisk å koma til Lundeneset og kjenna seg så godt motteken – av både elevar og tilsette. Eg opplever at mange set pris på å koma på møte, seier Ole Audun Os.

Denne veka har sunnmøringen møte på Lundeneset frå tirsdag til søndag. Og det er ikkje første gong han besøker internatskulen i Ølensvåg. Her har han vore fem gonger før. Minst.

– Møta på Lundeneset er utanom det vanlege. Ungdommane har med bibel og noterer. Mange blir sitjande att etter møtet berre for å vera stille eller lesa i Bibelen. Dette kunne nok mange lært av på bedehusa, ikkje berre reisa seg og gå når “førestillinga” er over. Ein treng tid til å fordøya, seier Os.

 

Formidling for tru og tanke

66-åringen har jobba fulltid i misjonen heile livet. Oftast med ungdommar, som forkynnar, Ung-leiar og gjennom korarbeid. Det ser han på som ei stor ære. Han reiser mest som forkynnar i heimtraktene på nordvestlandet, men lagar plass i kalenderen slik at han kan ha møteveke på dei kristne skulane.

– Eg har aldri ønskt meg nokon anna jobb, seier Os, som til vanleg er busett på Sula like sør for Ålesund.

Det kan vera både spennande og vanskeleg å vita kva han skal snakka om når han har sju møte på rappen på Lundeneset.

– Ofte prøver eg å la forkynninga innehalda litt undervisning. Det skal vera noko både for tru og tanke. Og så er det viktig for meg å la ungdommane oppdaga ting i Bibelen, få overblikk og sjå samanhengar. Dette gir eit godt grunnlag for å bli glad i Bibelen, trur Os.

Samtidig er det også viktig å ta høgde for at ungdommar har ulike bakgrunnar, og ulik kjennskap til kristendommen og Bibelen.

 

Sosial av natur

På det første møtet i møteveka, delte Os frå si eiga trushistorie.

– Eg trur dette kan skapa god kontakt med dei som ikkje har ein spesiell kristen bakgrunn. For enkelte er Lundeneset akkurat som ein ny planet dei har landa på. Då spelar det ei rolle at eg har mange av dei same erfaringane. Eg møtte sjølv Jesus i militæret, då eg var 20 år gammal.

Ole Audun Os ser på seg sjølv som sosial av natur, og trivst godt i lag med elevane. Han gøymer seg ikkje vekk på dagtid sjølv om det er kveldsmøta han er her for. Dette er også noko elevane veit å setja pris på.

– Eg blir full av beundring når ungdommane deler av sine eigne historier, avsluttar Os.