Mye god mat blir servert

Ny mannsweekend på Utsyn

Helga 23-25 september er det klart for nok ein mannsweekend på Utsyn. Denne gangen er det Steffen Stensland som kjem.

Steffen Stensland skal tala over temaet "I eksil". Han er 36 år og oppvaksen bare eit par steinkast frå Utsyn, nærmare bestemt på naboøya Fogn. Til dagleg bur Steffen i Ørstad saman med familien sin, og jobber der som pastor i Ørsta og Volda Misjonsforsamling.

Komiteen vonar at helga kan bli til oppbygging og hjelp for menn i alle aldre.

Om du ikkje har vore på mannsweekend før, så er det kort forklart ei helg med aktuell og sentral forkynning, mykje god mat, god tid til drøs, samt anledning til å dele trua i lag med andre menn.

Du er varmt velkommen til Utsyn og Ryfylke denne helga! Me vonar at du gjennom årets tema skal få kjenne på fornying og oppmuntring på livsvegen vidare, inn i ditt eige liv, i din familie, på din arbeidsplass og i forsamlingslivet!

Me legg også opp til eigentid og sosiale treffpunkt. Laurdags morgon er det alltid ein gjeng som tar ein lett joggetur før frukost. Det er også mogleg med ei dugnadsøkt, ein runde med fotball, fisking eller anna tidsfordriv.

Påmelding og meir info via denne linken:

https://nlm.no/arbeid-i-norge/dette-gjor-vi/leir/region-sorvest/voksen/mannsweekend_utsyn/

Helsing komiteen: Stian Vadla, Jo Sølve Dalane, Bjarne Ydstebø og Werner Larsen