To jenter med stor sjekk

Over 1 mill frå Sygnarussen

Sygnarussen sette 650.000 som mål for misjonsprosjektet, og trudde dei satsa høgt. På avslutningsfesten laurdag kunne dei avsløre at den endelege summen var på 1.008.848 kroner.

Korleis kan 58 russ samle inn ein million i løpet av eit krevjande skuleår, delvis prega av koronarestriksjonar? Slikt kjem ikkje av seg sjølv. Det krevst iherdig arbeid, mykje kreativitet og godt lagarbeid.

Dei to prosjektansvarlege, Oline og Hanne Louise, har saman leia eit flott russekull i dette arbeidet, og ramser opp nokre av aktivitetane og tiltaka russen har gjennomført; vask av leilegheiter, amerikansk auksjon, basarar, kiosk, flaskepanting, misjonsløp, revy, konsertar, loppemarknad, epleplukking for Balholm, nattcup, og dei var vakter på Balejazz. Alt dette og endå meir har gjort at dei til slutt kunne skrive over ein million på sjekken til Etiopia. Der er dei med og hjelper heile mennesket, gjennom konkrete prosjekt innan utdanning, landsbyutvikling og helse, i samarbeid både med den nasjonale kyrkja og myndigheitene.