Basar

Takknemlege for vellukka radiobasar

Godt frammøte og godt resultat for radiobasaren 2022

Laurdag 30. april blei den årlege Radiobasaren for Radio Nordvest gjennomført i Misjonssalen i Ålesund. Etter to år med digital basar var det godt å kunne samlast fysisk.

Det økonomiske resultatet for basaren blei netto 41.094 kr – takka vere god avsetning på både tombola, åresal, lodd i hovudlotteriet og matsal. Under Radiobasaren var det også trekning av Radiolotteriet 2022 som har pågått sidan slutten av januar. Totalt kom det inn 173.660 kr under årets Radiolotteriet. Total sum for både Radiobasaren og Radiolotteriet blei 206.754 kr. Vi vil rette ei stor takk til alle som har vore med å bidratt på ulike vis, enten det gjeld gåve av gevinstar, kjøp og sal av lodd, frammøte på Radiobasaren mm. Tusen takk også til styret for Radio Nordvest som har stått på og gjort ein kjempeinnsats!

Valle barnekor gledde oss med flott sang og Oscar Nordbø heldt ei fin andakt som gav noko til både barn og vaksne. Trekningslista for Radiolotteriet finn de på Radio Nordvest si heimeside: radionordvest.no