Lam med strikkegenser

Møt Åshild!

Rapport fra Lammeleir på Murumoen

Lam, Bibel, misjon, perler og taco. Dette er nokre stikkord frå Lammeleiren som var helga 6.-8. mai. Leiren foregikk på Murumoen i Lierne.

Heimen til Britt-Ellen og Knut-Eirik vart gjort om til leirsted og vart fylt med deltakere og ledere som hadde reist mange mil for å komme til Murumoen som ligg like ved svenskegrensa. 

 

Åshild

Etter kveldsmat var det tid for kveldssamling, med andakt, presentasjon av deltakere og ledere. Midt under  samlinga dukker Britt-Ellen opp med eit nyfødt lam i armane. Deltakerne kunne komme med forslag på namn på lammet. Det kom forskjellige forslag, og det enda med at lammet fekk namnet Åshild. Åshild Sørhus som hadde bibel- og misjonssamlinga vart oppkalla.

 

Lammefødsel og svenskehandel

Etter ei natts søvn var det på igjen med ein ny dag med nye opplevelser og aktiviteter både ute og inne. Nabbiperler var ein populær aktivitet inne. Det vart sjølvsagt tur til saue og lammefjøset, det vart også ein tur til Gäddede i Sverige for å kjøpe litt laurdagsgodt.

Laurdagskvelden vart avslutta med taco til kveldsmat og leirkveld.

Søndag morgon var det lammefødsel på gang, leirdeltakere og ledere var tidlig oppe for å få vera med på det. Så det vart tur i fjøset før frokost og bibelsamling.

Leiren vart avlutta med samling og deretter kake, is, kaffi og saft. Tema for bibelsamlingane var «De første kristne» Vi hadde også misjonssamling der vi fekk vera med å gi pengegave til barnas misjonsprosjekt.  Det kom inn kr. 1.403. Tusen takk!!