Fem personar på skjerm

Nytt styre og råd i regionen

Ein viktig del av eit regionårsmøte er å velja kven som skal leia regionen det komande året.

Regionstyret

To av medlemene i regionstyret var ikkje på val dette året, Elin Ulveseth Minde, Øygarden og Gjermund Øygarden, Bergen.

Innvalde i styret no var Kurt Arild Ohma, Sogn (ny) (nestleiar), Steven Kristoffer Rob, Askøy (attval) (leiar) og Solveig Ruud, Bergen (ny).

Samtidig vart Hans Einar Markhus vald til 1. vara (som møter på RS-møta), Olav Rune Skutlaberg vart 2. vara og Helge Magnus Torsvik Vatnedalen 3. vara.

 

BUR

I barne- og ungdomsrådet sit Jonatan Hurthi, Sogn og Kristoffer Ytre-Arne Mjelstad, Bergen over frå i fjor, og var ikkje på val.

Innvalde no som faste medlemmer, vart Hogne Berland, Øygarden (ny), Maria Røysland Egeland, Bergen (attval) og Hanne Nordpoll, Fjordane (attval).

Til varamedlemmer vart Ingebjørg Martinussen, Bergen/Øygarden vald til 1. vara, Elise Hitland, Fusa og Samnanger vart 2. vara og Anders Myrene, Fjordane 3. vara.