Vestborgelever

Vestborgrussen - blir det turné?

Ingen andre av skulane våre har ein russeturné som kjem opp mot Vestborg sin. Men har vi sjanse å få det til no når virusane haglar som aldri før?

Ei kjærleikserklæring

I fjor kokte turneen ned til eitt møte med TV-opptak på skulen.  Det vart sendt på nett og vi oppfordra til å gje russen ei kraftig oppmuntring ved å gje pengar til misjonsprosjektet deira.  Kollektene på alle møta vart jo borte.  Responsen frå misjonsfolket og familiane - og kven det var - vart ei skikkeleg kjærleikserklæring til ungdommane: Litt over 78 000 kr!  Fire grupper hadde planlagt turné (lite kull i fjor) – så då fekk dei truleg full kompensasjon, økonomisk!!

Det som ikkje kan betalast med pengar

Vestborg og misjonen strekkjer seg svært langt for om mulig å få til turné for ungdommane i år.  For gevinsten er ikkje berre pengar.  Fellesskapet på gruppa, læring ved å gjøre, ikke bare høre, møtet med kristenfolket, gode gruppesamtaler om livet og om Guds Ord, forkynning, moro, bilturar – alt dette set gode spor. Forkynnarane har no vore på Vestborg og planlagt i lag med gruppene.  Vi prøver å få til alternativ overnatting for å kome minst mulig heim til folk.  Dessverre må vi det. Og alle nødvendige forholdsreglar vil bli følgt for at vi kan sende friske folk ut på tur 18.-23. januar. Blir det mulig å ta imot dei? Vi hadde i alle fall lyst å sende ut denne meldinga no.

Turneen kunne fått ein stille død

Begeistringa for russeturné blir formidla vidare til 2.klassingane for kvart år.  Den overføringa forsvant i fjor.  Då gjer det inntrykk at 5 grupper stiller opp i år! Blir det turné, skal vi sanneleg ta godt imot dei!