Ørsta bedehus

Forkynnartankar ved nyår

Denne vinteren er det 40 år sidan eg vart tilsett som forkynnar i Misjonssambandet. Mange tankar kan gjere seg gjeldande ved eit slikt «jubileum.»

Pendelen svingar

Rundt nyår gjer ein seg ofte tankar både om fortida og framtida. Om mykje er likt, så er likevel endringane store sidan eg tok ut på mine første forkynnarturar hausten 1981.  Den gongen var evangelistnådegåvene dei mest etterspurde. Tale til vekking og omvending og ei klar forkynning av bodskapen om synd og nåde stod i fokus. Bibeltimar og meir undervisningsprega forkynning var ofte mindre påakta.

I dag synest pendelen å ha svinga over til andre sida. Det er fokus på bibelundervisning og forkynning over tema, medan den meir «enkle evangeliske» forkynninga har kome i bakleksa.

Balanse

Eg tenkjer, at her treng vi balanse. God bibelundervisning gir innsikt og kunnskap i Guds ord, og den anvender det inn i dagleglivet vårt. Mange brukar jamnleg «Levande tru – Bibelen i livet,» som er ein viktig del av regionen vår si bibelundervisning. Hald fram med det! Fleire må gjerne spørje etter det! Det var gjerne for lite av slikt i tidlegare tider.

Men så var det balansen. Vi treng også å kome saman til «vanlege evangeliske møter,» om det går an å seie det på den måten. Godt og viktig er det med alle faste gudstenester og møter om søndagen. Eg tenkjer at det også kan vere godt av og til å samlast nokre dagar etter kvarandre. Det gjer noko med oss når vi kjem i lag og høyrer forkynning av Guds ord i samanheng.  

Nådemiddel

Forkynning av Guds ord er eit nådemiddel. Det er ikkje først og fremst å tale om noko, men det er Guds ords tale til oss, som tiltale og tilsagn. Det er gjennom dette Gud møter oss og kjem til oss både som Far og Frelsar. Difor er det viktig å kome saman både til bibelundervisning og andre møter der vi både kan få høyre Guds ord og dele det med kvarandre.