Reklame

Adventstankar

Vi er alt langt ute i adventstida. Dei som skal tene pengar på julehøgtida har halde det gåande eit par månadar alt.

Julepølser og ribberull i oktober.

Ja, det stemmer. Det var i slutten av oktober eg såg det i ein kjøledisk. Eg tok opp ein pakke og såg nærmare på den. Merkeleg, julemat med utløpsdato lenge før jul. For meg syntest det som ein fullstendig parodi.

Forsøk på å skape julestemning møter oss mest alle stadar i denne tida. Noko fint, og mykje i kommersialiseringa sitt teikn. Sjølv dei gamle og kjære julesongane må vere med for å skape den gode stemninga på butikkar og kjøpesenter. Som kristen synest eg ofte det nærmar seg misbruk, og det tek i frå meg det meste av den så kalla julestemninga.  Kanskje får nokon med seg bodskapen? Det er å håpe på og be om.

Berre ein klagesong?

Har du lese så langt, så synest du sikkert eg er ein negativ sytepave og gledesdrepar. Men stopp ein halv, for eg har stoppa sjølv. Det er lett å kome med si årvisse klage over førjulstida. Men eg står no midt i det sjølv. Eg handlar julegåver, julemat og er ein del av det heile. Har til og med vore på to konsertar, sjølv om det ikkje var julekonsertar. Fordi eg er privilegert og har råd til det.

Kanskje er det tid for å takke Gud for alle dei materielle goda mange av oss har, som gjer at vi snart kan feire jul med alt det ekstra vi synest høyrer med. Kanskje er det Guds velsigning. Men det kan bli ei forbanning for oss, dersom det i praksis blir adventstida og juletida si hovudsak.

«Alt til julen»

Ja, du har sett dette uttrykket mange gonger i blad, reklamer og ymse publikasjonar. Og så har du berre oppdaga at der er ingenting om jula frå ein Bibelsk og kristen synsstad. Det kjennest så tomt.

Julekrybbe
Linda Spjeld Olsen, Utsyn barnehage, Elnesvågen

I Bibelen står alt om jula. Der finn vi også alt vi treng til jula, og til alle dagar og tider i livet. Det er ein bodskap og eit innhald som er likt for alle menneske. For oss rike, men óg for alle dei i verda vår som ikkje treng uroe seg for kommersialisering av julehøgtida.

Det er bodskapen om Jesus. For å seie det med Jakob Sande: «Om barnet, Guds Son, vår sonar, som døden for evig batt.»