Kairos på Vestheim

Kairos lever

Endelig Kairos-helg igjen

Så kom vi endeleg igang!  Vi var SÅ klar i september, men virusane flagra, så vi måtte vente.  Etter over eitt år pause kom 8 gutar og 9 jenter på korhelg på Vestheim.  Syns du det var lite? Det var det ingen av oss som tenkte på! God stemning, firstemt sang (!), ein veldig god bibel- og misjonstime med Inger Valbø, langbord i matsalen, besøk av team frå Fjellhaug, basar, trygg og openhjertig delekveld med bønn og vitnemål, bønnevandring, sang i forsamlinga på Vestnes. Og sikkert meir som eg ikkje kjem på no.

Så må vi fortelje at barne- og ungdomsarbeidar Marte Elvira Rolvsjord endeleg kunne praktisere rolla som hovudleiar i KAIROS.  På fredag delte  ho trushistoria si med kormedlemene.  

Flinke folk står for musikken i koret: Randi Starheimsäter, piano, Hans Erik Gräsdal, trommer, Runar Johansen, bass. Silje Johansen er KAIROS sin gode og humoristiske dirigent. 

Kairosjubel
Ole Audun Os

Neste samling for KAIROS er 4.-6. februar på Vestheim.  Interessert?  Kontakt gjerne hovudleiar Marte Elvira, for eksempel på mrolvsjord@nlm.no.