Salg på julemessa

50 år utan messefall

Julemesse på Eidet bedehus i Surnadal i 50 år

Laurdag 27. november var det eit spesielt jubileum på Eidet bedehus i Surnadal. Den årlege misjonsmessa har nemleg halde det gåande heilt sidan 1971. Det betyr 50 julemesser med mat, utlodning, sal av handarbeid, ymse varer, bakverk, saft, sylte, smil, drøs og viktige inntekter til misjonsarbeidet.

Inger Marie Paulsen er ei av dei som gjennom Vårdag misjonsforening har vore med heilt frå starten.

Det bakes til julemessa
Oscar Nordbø

Gratulerar med eit imponerande jubileum, Inger Marie. De fekk det til i år også?

Ja, vi får det til når vi samarbeidar, veit du. Men vi var spente på om det kom til å gå p.g.a situasjonen med korona. Dei smitteansvarlege i kommunen gav oss heldigvis grønt lys, og vi la ekstra vekt på smitteforebygging. Så då fekk vi det til. I fjor vart det eit meir begrensa opplegg, men i år gjekk det nesten som vanleg, men med litt færre folk. Loddsalget på førehand gjekk bra, sjølv om vi ikkje gjekk på dørene. No er vi glade og letta. Det ser ut til at vi har fått inn over 50 tusen kroner, - godt over håpar eg.

Det ligg ein del arbeid bak eit slikt arrangement?

Ja, det er mykje som skal ordnast. Heldigvis er vi ein liten gjeng med damer og nokre karar som deler på oppgåvene.  Fleire arbeider mange veker på førehand med loddsalg, baking, handarbeid osv.  Info og PR må også til. Avisa Driva og Trollheimsporten er veldig greie som tek inn stoff om misjonsmessa. Og når dagen nærmer seg, kjem fleire av mannfolka på bana også heldigvis. Så då får vi det til.

Både pengar, arbeid og tid går med tydelegvis. Kva er drivkrafta?

Vi er opptekne av den store saka – «verda for Kristus» - misjonsarbeidet,  og det er inspirerande å sjå at vi er med på noko viktig. Det kjennest meiningsfylt å gjere noko for andre. Vi veit at Misjonssambandet gjer mykje bra. Samstundes er det kjekt å gjera noko saman. Og med julemessa når vi også ut til lokalsamfunnet og får synleggjere kva vi held på med.

Kva har endra seg på desse 50 åra?

Då vi starta var det veldig få slike arrangement. Julemessa var ein skikkeleg «happening», og det var fullt hus. No er det mykje meir som skjer, med messer og julemarked. Det er meir kamp om merksemda.  Tidlegare var vi òg mange fleire med i foreiningane, det var fleire om å dele på oppgåvene. Før var orientalske varer veldig populært på salgsborda, og det var gjort meir handarbeid. No er det mindre handarbeid i forkant, men meir baking, her hos oss. Vi starta på det gamle bedehuset på Øra, bygd i 1923. Men med kjøken i kjellaren og mangel på parkering vart det for tungvindt. Difor starta vi på Eidet for ca 25 år sidan. Det ligg ikkje så sentralt, men vart greiare og meir lettvint.

Kva tenkjer du om framtida for misjonsmessa?

Det er ikkje til å kome forbi at vi blir eldre. Men i det siste har vi fått med nokre yngre krefter, og det gjer meg optimistisk. Og vi veteranane har no tenkt å halde på ei stund til, ja. Vi er nok litt slitne no rett etterpå,– men vi kjem oss fort! Vi er glade for få å vere med i misjonsarbeidet, for vi er trygge på at pengane kjem fram til der dei trengst. Det blir nok messe neste år også.

«Alt for Saken»* som vi seier av og til, avsluttar Inger Marie med eit smil.

(*brukt litt ironisk når ein er trøtt og lei)