Mizuho Koda

Vart ønska velkommen heim igjen

Gjennom heile barneskulen gjekk Mizuho på søndagsskulen i Ao lutherske kyrkje. Omtrent tjue år seinare, då ho igjen kom i kyrkja der ho hadde gått som barn, utbraut søndagsskulelæraren: «Å, Mizuho! Velkommen heimatt!»

Kyrkja var ein naturleg samlingsplass for borna i nabolaget i Ao.

– Det var ganske livlig der på søndagsskulen. Eg trur vi var omtrent tjue barn. Vi leika og lærte bibelforteljingar, og ungdommane i kyrkja arrangerte leir for oss, minnest Mizuho Koda.

No bur ho i Matsue. 28. februar i år vart ho døypt i kyrkja vår der.

 

Nygift og einsam

Då Mizuho gifta seg og flytta til Matsue, fekk ho meir fritid. I starten var dette godt, men etter kvart byrja ho å kjenne seg einsam. Det vart lange dagar når mannen var på jobb.

– “Kva om du oppsøkte ei kyrkje?” foreslo mor. Eg søkte på internett og fann Matsue lutherske kyrkje, som høyrde til same kyrkjesamfunn som der eg hadde gått som barn, fortel Mizuho.

Sommaren 2014 byrja ho å gå fast på gudsteneste, men kristen hadde ho ikkje tenkt å bli.

 

Komen heimatt!

– Ein gong eg var heime hos foreldra mine, gjekk eg i kyrkja der. Det var 20 år sidan sist. Då eg kom tilbake til kyrkja etter omtrent 20 år, såg eg meg rundt og kunne kjenne att nokre av dei som var ungdommar då eg var liten, som no var blitt tynne i håret, ler Mizuho.

– Eg hugsa namnet på fleire, men det var berre éi som kjende att meg. Det var søndagsskulelærar Takahashi.

– Å, Mizuho, velkommen heimatt! utbraut ho då ho såg meg. Då eg fortalde det til mor, byrja ho også å gå ilag med meg, og ho har halde fram med å gå på gudsteneste.

Mizuho er glad for at mora har byrja å gå i kyrkja og visstnok har byrja å tenkje på dåp. – Men mannen min meiner han er ateist. Han vil ikkje at andre skal bestemme over livet hans.

 

– Kva skjer etter døden?

– Kva var det vanskelegaste med å bestemme seg for å bli døypt?

– Det er kanskje ein japansk måte å tenkje på, men dersom berre eg i familien blir ein kristen, vil eg då ikkje treffe igjen besteforeldra og foreldra mine når eg døyr? Det var vanskeleg for meg å tenkje på. Eg forstår enno ikkje kva det betyr å ha evig liv. Og kva skjer dersom familien har buddhistisk gravferd for meg når eg døyr? Eg snakka både med pastoren og andre kristne om dette. Ei av dei sa: «Det viktigaste er at du trur på Jesus. Når du døyr, går du til Jesus. Då betyr det ikkje noko kva slags gravferdsseremoni familien har for deg.»

– Sjølv om eg skriv i testamentet at eg ønskjer kristen gravferd, er det ikkje så lett for familien, som ikkje har hatt noko forhold til kristendommen. Dersom eg hadde hatt barn sjølv, ville dei kanskje ha kontakta kyrkja for ein kristen seremoni, men sidan eg reknar med at det er nevøar og nieser som må ta seg av gravferda mi, kan eg ikkje forvente at dei vil gi meg ei kristen gravferd, seier ho.

Mizuho og presten
Koji Makino

– Når byrja du å tenkje på å bli ein kristen?

– Eg hadde tenkt på det før, men ikkje bestemt meg før i fjor sommar. Då eg byrja å gå i kyrkja, spurde eg både mannen min, foreldra hans og mine eigne foreldre kva dei tenkte i tilfelle eg skulle bli ein kristen. Dei svarte at dersom eg ville det, var det greitt for dei. Eg hadde ingen planar om å bli døypt på den tida, men etter kvart byrja eg å tenkje: Det er ingen som hindrar meg, så kvifor tek eg ikkje imot dåpen?

– For to år sidan vart eg sjuk. Ein dag slo det meg at den eg bad om hjelp når eg hadde det vanskeleg, var verken shintogudane eller dei døde forfedrane, men då var det Jesus eg bad til. Då det gjekk opp for meg, bestemte eg meg for å bli døypt. Men det tok veldig langt tid før eg kom dit!

Mizuho blir døypt
Koji Makino

For ei slik som meg!

– Første gong eg las Joh. 3,16-17 om at Gud ga sin eigen Son, rørte det meg. Dersom eg hadde hatt barn, hadde eg klart å la barnet mitt gå gjennom så mykje vondt for andre og ende livet på eit kors? Så høgt er eg elska. Tenk, Gud ofra Son sin for ei slik som meg!

 

Mizuho set pris på om folk i Norge vil be for henne.

– Eg kjenner at trua mi er svak. Be om at eg kan bli styrka i trua, avsluttar Mizuho.