Misjonsprosjekt 2021

Lundenesrussen samla inn 1.170.000

Dette skuleåret har VG3-elevane på Lundeneset i Ølensvåg samla inn heile 1.170.000 kroner. Det meste av pengane går til Japan.

Pengane har kome inn i løpet av året gjennom blant anna misjonsløp, basar, kiosksal og Lundeneset si eiga Premier League. 

― Dette prosjektet har heva blikket vårt, og me har fått oppleva å vera ein del av noko større. Saman har me ivra for Japan, og eg synest det er all grunn til å vera stolte, sa prosjektsjef Ragnhild Kallestad på avslutningsfesten for VG3 før sist helg. 

Dersom russen klarte éin million, skulle dette gå til evangeliseringsarbeid i Japan, drifta av Misjonssambandet. Men elevane fekk inn meir pengar, derfor gav dei også 90.000 kroner som er øyremerkt arbeid i Stor-Kina, samt 70.000 til miljøfremjande tiltak på Lundeneset. 

― Dette er større enn me er klar over. Me har fått hjelpa mange menneske, sa Kallestad. 

Leiar i hovudstyret for Misjonssambandet, Raymond Bjuland, tok i mot sjekkane. Han var tydeleg imponert over den enorme innsatsen elevane har vist, spesielt i ei tid med mange restriksjonar. 

10.000 kroner blei gitt som startkapital til neste års russ.