Ricardo Mamani på kristent stemne

Heime hos Herren

Ricardo Mamani Chuqamani, ein trufast boliviansk leiar blant dei quechuatalande i Bolivia døydde av covid -19, natt til søndag 6. juni, 60 år gammal. Han etterlet seg kona Valentina og 8 barn som sit att i sorga.

Gjennom svært mange år var Ricardo ein nær og god medarbeidar i området rundt Turaqhari i Tinguipaya kommune, Potosi. Mange misjonærar som har budd i Tinguipaya har hatt mykje med han å gjere, men andre også etter at han seinare busette seg i Potosi by. Men han gløymde aldri kvar han kom frå og var alltid å finne på dei kristne stemna rundt omkring i bygdene i Tinguipaya. Han vart etter kvart lese- og skrivekyndig og ofte nytta som talar og føredragsholdar over eit eller anna tema.

Nye kristne
Kjend stil :Ricardo i bøn for nye kristne i kyrkja "Paz en la tormenta", Potosi. Malvin Ommedal

Tru i motgang

Som ny kristen og evangelist hadde Ricardo ein stri tørn i tenesta si i landsbyen sin Turaqhari og bygdene rundt. Men forfølging, trugslar og fortviling vart vendt til at nye vart omvende og det vart vokster. I si tid var Turaqhari den lutherske kyrkjelyden med flest medlemar i distriktet. Med løyve siterer eg Marit Andersen i boka hennar «Velkommen hjem» der ho spurde Ricardo kva han likte å tale om. Han svarte: «Velsign de som forbanner dere og be for de som forfølger dere» Det er eit sinnelag vi kan ta med oss frå ein mann som ikkje gav opp då det røynde på. Ricardo var ein av fleire evangelistar tilsett i misjonssambandet, men seinare arbeidde han også i Den Kristne Evangeliske Lutherske Kyrkja (ICEL) etter at den vart danna i 1997. I dei verste forfølgingane heldt han og enkelte andre på å flytte heima frå, men tidene endra seg og ei kyrkje vart bygd i staden.

Kyrkjebygging
Kyrkjebygging:Ricardo Mamani i gang med blanding av støyp i "Paz en la tormenta", Potosi. Malvin Ommedal

Initiativtakar

Men den generelle migrasjonen frå bygdene slo etter kvart inn for fullt. Etter kvart flytte også Ricardo saman med kona si Valentina og den talrike barneflokken til hovudlandsbyen Tinguipaya, og deretter vidare til Potosi by, der han også vart ein av leiarane i den nyoppretta kyrkjelyden Fred i stormen (Paz en la Tormenta). Mange innflyttarar frå landsbygda fann sin åndelege heim i denne kyrkjelyden. På frivillig basis var Ricardo ein naturleg leiar og initiativtakar enten han var i valde verv eller ikkje. Han deltok, til liks med andre, i dugnadsarbeid med bygging av ny kyrkje då det vart for trongt der dei heldt til, men elles gjennom talar og leiing på gudsteneste på søndagar og elles. Han vitja ofte folk i heimane. Sjølv om han etter kvart livnærde seg og familien med drosjekøyring i byen, var han heile tida ein bauta i det kristne arbeidet.    

 

Gud signe minnet til Ricardo Mamani, no er han heime hos Herren.