Epleplukking

Frukthagen til Martin

Idag har eg invitert Martin på lunsj, for å snakke litt om frukthagen og kva han tenkjer om skaparverket.

Martin Meisal har ein stor og fin hage i solhellinga på garden der han bur. Han er pensjonist og  ein ivrig hobbygartnar som saman med Nora har stor hage og mange frukttre. Han har eit særleg ansvar for eple-, pære- og plommetrea som han har planta. Naboane meiner Martin produserer dei beste epla i området.

«Kva er årsaka til slik stor interesse for fruktdyrking?» spør eg.

«Det skriv seg frå ein kamerat eg har på heimplassen min, i Nesset. Eg har fått råd om gjødsling og stell. God avling får eg om det er bra med insekt i blomstringstida, og så må eg ta bort kart tidleg på sommaren, så kvar grein får ei passe mengde med frukt.  Då vert ho stor og smakfull».

Martin seier at han ikkje grublar så mykje på korleis skapinga gjekk til, men at han har med seg bibelforteljingane frå oppveksten. «Eg synes det gir ei god ramme for livet, og for meg gir det glede og trivsel å arbeide i hagen. Vi har berre denne eine jorda og må derfor ta vare på henne, for enno har eg ikkje høyrt om frukthagar på andre planetar», seier han og smiler. «For meg gir dette glede, eg er takksam for hagen, og for dei mange samtalane eg får over hagegjerdet.

Martin vil gjerne fylgje levereglane som står i Bibelen, men han er ingen flittig kyrkjegjengar, seier han. Han kan ikkje seie at han har ei personleg tru, men fortel at han nyleg fann att NT som han fekk til konfirmasjonen. «Det skal eg ta vare på», seier han. Der står eit bibelvers som presten skreiv som helsing til konfirmantane, det lyder slik: Jeg skammer meg ikke over evangeliet. Det er en Guds kraft til frelse for hver den som tror.

Eit hyggjeleg lunsjbesøk er over.

Vi har snakka om Gud som skapar, og det får meg til å tenke på nokre vers i Salme 8.

Herre, vår herre, kor herleg ditt namn er over heile jorda, du som har breidd ut din glans på himmelen! Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der, 5 kva er då eit menneske - at du hugsar på det, eit menneskebarn - at du tek deg av det? 6 Du sette han lite lågare enn Gud og krona han med herlegdom og ære. 7 Du sette han til herre over det dine hender har skapt, alt la du under hans føter.