Fjell Peru

Misjonærkonferanse i Sør-Amerika 2021

12.–15. april vart det arrangert misjonærkonferanse for misjonærane i Sør-Amerika. Ettersom konferansen blei avlyst i fjor grunna Covid-19, var det godt å kunne samlast i år.

Me var til saman tolv misjonærar. Dei fleste var samla i Arequipa i Peru og to misjonærar var med på nett frå Noreg. For tida har me berre ein misjonær som er i Bolivia, dei andre er i Peru.

Regionleiar fra Noreg hadde kome seg til Peru i dette høvet. Misjonskonsulent for Luthersk Mission (DLM), Kristine Ballantyne, var med oss på Teams frå Danmark. Me er så heldige at me har seks misjonærar som er ute for DLM i Peru.

 

Samtale med kyrkjene

Då me samtala om arbeidet i Peru og Bolivia, hadde me dei nasjonale leiarane med. Dette gjorde at det blei gode samtalar direkte med kyrkjene. Frå Bolivia hadde me med oss kyrkjepresident og generalsekretær på nett. Då det var tid for å samtale om arbeidet i Peru, hadde me kyrkjepresident og nasjonal pastor til stades på misjonærkonferansen i Arequipa.

I år blei difor rapportar om det evangeliske arbeidet og prosjekta lagt fram av kyrkjeleiarane med kommentarar og spørsmål frå stadleg representant, mellomleiar og dei andre misjonærane.

Det var ein god og fortruleg samtale om arbeidet og vegen vidare. Me ser stort på å få lov til å ha eit nært samarbeid med dei nasjonale kyrkjene.

 

Betre forhold

Vi opplever no eit betre forhold til ICEL i Bolivia etter nokre tunge år, der ICEL i 2019 bl.a. valde å avslutte samarbeidet med misjonen sit teologiske seminar SETELA, som ligg i Arequipa.

Vi vil no fokusere på områder der vi kan samarbeide heller enn å fokusere på ulikskapar. No er nye misjonærar plassert i Bolivia med tanke på nybrottsarbeid saman med ICEL.   

MK 21 Sør-Amerika
Digital MK:I år vart det som på mange andre felt, delvis virutell MK. To misjonærar med på Teams, og resten samla i Arequipa. Julie Solgaard

I samarbeidet med IEL-P har det dei seinare åra vore ein del fokus på peruanske misjonærar som var sende til Colombia i 2019. Dei er no komne attende til Peru.

Sjølv om det ikkje blei slik IEL-P hadde tenkt, så er ikkje misjonsarbeid frå IEL-P si side lagt heilt bort. Dei ynskjer å planlegge det betre før dei set i gang noko nytt.

Nybrottsarbeid blant aymara går heller ikkje så raskt framover som tenkt. IEL-P ynskjer å fokusere på å få kyrkjene dei har til å fungere betre, heller enn å skulle starte mykje nytt arbeid, men det er nybrottsarbeid enkelte stadar.