Nettmøte

Korona-venleg misjonsforeining

Det har vore vanskeleg mange stader å samlast til misjonsforeining denne vinteren og våren. Små grupper har likevel fått ha «misjonærbesøk».

I to veker i mai var eg plassert i region Øst, men på grunn av restriksjonane vart også den turen avlyst. Nokre plassar har dei no fått byrje å samlast igjen både i forsamlingar og foreiningar. Sjølv om eg ikkje kunne reise, har eg likevel fått vere med på to foreiningar og på eit regionmøte for Lærernes Misjonsforbund via nettet. Andre har fått tilsendt opptak av tale og misjonsinfo frå Japan som dei har sett i forsamlinga eller privat.

Suma på Gjerdrum

16. mai fekk eg vere med på foreining heime hos Kari Helene og Dagfinn Solheim, som eg også kjenner godt ifrå Japan. Dei bur på Gjerdrum, men dei to andre medlemene bur eit stykke unna. Denne ettermiddagen var dei berre tre, for den fjerde var forhindra frå å kome. «Verdens minste misjonsforening», meiner leiaren i Suma, Ingunn Holm. Til vanleg jobbar ho hos Riksantikvaren, men på fritida er ho med to misjonsforeiningar. Ingunn har eg kjent sidan vi gjekk på bibelskule ilag og også delte rom. Så denne dagen var eg på møte med berre kjentfolk!

Søndagsettermiddagskaffi

16. mai var ein søndag og ein uvanleg foreiningsdag, trudde eg. Under kaffien fekk eg spørje litt. Jau, søndag kl 17 den beste tida, meiner dei. Sidan medlemmene bur ganske spredt, er det praktisk å møtast tidleg, så dei kjem seg heim i rimeleg tid.

Gjennom Ingunn sin datamaskin fekk eg vere med i samtalen, men mat og drikke ordna eg sjølv. Sjølvsagt var det litt ergerleg at eg ikkje fekk smake av den store, fine kaka…

Suma

For Japanvenner er kanskje namnet kjent, men folk flest har nok ikkje noko forhold til dette namnet. Suma ligg vest i byen Kobe og var første plassen der Gabriel Eikli og familien budde og starta arbeid i 1949. Foreininga vart starta etter at Eikli hadde vore på besøk på starten av 50-talet. Difor namnet Suma. Og då var det naturleg å fokusere på arbeidet utifrå Nishi Suma kyrkje og formidle nytt derifrå. Vi var innom på Facebook og såg og høyrde pastor Yushi Matsumura som hadde direktesendt gudsteneste tidlegare på dag, utan ein einaste tilhøyrar i kyrkja. Det er nemleg nedstengt igjen i den delen av landet. Pastor Yushi både leia, preika og song, med tonefølgje frå ein «hymn player», ein liten boks som spelar melodiane i salmeboka.

Karoline og Marius Bergersen er våre utsendingar i Nishi Suma, så vi fekk også høyre nytt ifrå dei. I den nye Prosjektkatalogen side 19 fortel Karoline om eit inkluderande fellesskap for mødre, som dei har heime hos seg. Les meir her:

(https://www.nlm.no/ressursbank/kampanje--og-prosjektmateriell/prosjektkatalogen/)

Marius fortel at frå neste år skiftar kyrkja truleg namn til Shioya Kita, som er bydelen der kyrkja ligg no. Så då må kanskje Suma misjonsforeining også skifte namn?

Ein idé for andre?

Kanskje det er andre foreiningar rundt om i landet som kan tenkje seg å få ein Japan-misjonær på besøk. Sjølvsagt hadde det vore best å treffe dykk direkte, men er det vanskeleg, så kanskje vi kan møtast på nettet? Eg har tilgang til Zoom, så det skulle vere mogleg å få det til.

Sendt meg gjerne ein e-post på ivalbo@nlm.no, så skal vi nok få til noko! Eg har mykje ledig tid i slutten av mai og omtrent heile juni.