Skjermdump av møte på Zoom

Bibelstudie i ulike tidssoner

I 2014 tok eg over ei engelskklasse i fiskelandsbyen Nima, åtte mil vest for Matsue. I april i fjor gjekk vi over på nettet, sidan pandemien gjorde det vanskeleg å samlast. Og samlingar på Zoom har vi halde fram med.

Sidan det har blitt lite reiseaktivitet i misjonen denne vinteren og våren, har det blitt tid til å følgje opp litt av arbeidet eg hadde i Japan. Om avstanden er 80 eller 8000 km, betyr ingenting, berre vi passar på tidsforskjellen.

Engelsk og Bibel

Engelskundervisning har vist seg å vere ein god fiskereiskap når ein skal drive misjon i Japan. Mange japanarar går på kveldskurs for å bli flinkare å snakke engelsk, så også i kyrkjene tilbyr vi engelskgrupper, og det appellerer både til unge og eldre. Dei fleste har lært engelsk på skulen, men for japanarar er engelsk eit veldig forskjellig språk både i grammatikk og uttale. Mange engelsklærarar har problem med munnleg engelsk sjølve, og eit japansk lydalfabet er blitt brukt som lydskrift, noko som gjer at uttalen blir ganske forskjellig frå engelsk.

I engelskklassene bruker vi også Bibelen. Nokre misjonærar har ei andakt på japansk mot slutten av engelsktimen, men i klassene som eg har hatt, har vi lese Bibelen på japansk og engelsk ilag med ei tekstbok på begge språk.

Samansveisa gjeng

Nima evangelisk lutherske kirke vart innvigd i 1990. Kari Opperud budde og arbeidde i kyrkja i to 6-årsperiodar frå 2001. Der fekk ho god kontakt med mange damer som ville lære engelsk. No er dei ein gjeng godt vaksne kvinner som kjenner kvarandre godt, og latteren sit laust når dei møtest. Berre to av dei er kristne. Ei av dei er tidlegare Indonesia-misjonær Chigane. Ho er ei frukt av barnelagsarbeidet som Dagny Drivstuen og Petra Jaabæk dreiv i bygda der ho vaks opp. No er ho pensjonist og har flytta tilbake til barndomsheimen i Omori, ikkje langt ifrå Nima.

Då eg fortalde at eg hadde lese om henne i boka «Dagny med sykkelen», skreiv ho tilbake:

Då eg var liten, kom Dagny og Petra på sykkel frå Oda til Omori og fortalde oss barna om Jesus. På den tida var det ikkje asfalt på vegane, så det var nok vanskeleg å sykle. Men det at dei ikkje ga opp sjølv om det var hardt, vart eit førebilete for meg som seinare skulle arbeide i Indonesia.
Det var spennande å høyre det dei fortalde, så eg gjekk kvar veke for å høyre ifrå Bibelen. Og når eg såg korleis Dagny og Petra arbeidde, fekk eg også lyst til å bli misjonær og evangelist.

Då eg las dette, måtte eg tenkje på om eg har levd slik at andre får lyst til å tene Jesus.

Ei av damene i klassa er Michiko på 71 år. Ho var den første som klarte å logge seg på Zoom i april i fjor, og ho var ganske sliten etter å ha vore einaste elev i ein og ein halv time! I mai var det fleire som kom med, så ho slapp å vere åleine fleire gonger. Det tok litt tid før alle vart fortrulege med å logge seg på nettet, men no liker dei det så godt at vi har halde fram også etter at eg kom tilbake til Norge.

Michiko har vore av dei ivrigaste både til å lese Bibelen heime og synge songane eg har lært dei. Ho er også på Facebook. Ein gong la ho ut eit bilete der ho sat framfor fedrealteret og førebudde seg til bibelklasse. Det viser litt av den samanhengen dei lever i. Ein annan gong sende ho meg eit opptak der ho øver på «Den lille Bibel» Joh. 3,16 på engelsk. Ho fortel at ho øver kvar dag både å skrive og å lese dette verset.

Ei av dei andre damene tenkjer på å bli døypt, men ho synest det er vanskeleg å ta det siste steget.    

- I mitt lange liv har eg sjølvsagt hatt mange gode dagar, men også forskjellige bekymringar. Når eg har hatt det vanskeleg, har det hendt at eg har gått på gudsteneste i kyrkja. Midt i dette tenkjer eg på korleis eg bør leve livet mitt ifrå no av. Eg prøver å spørje meg sjølv kva eg vil tru på og leve for. Eg har sagt til mannen min at eg ønskjer å bli døypt. Men eg klarer ikkje å ta det siste steget, innrømmer ho.

Norske deltakarar

Den som ser nøye på biletet, legg merke til at det er fleire enn meg som sit i Norge og er med på dette. Marit Holte frå Skodje er ei av dei. Ho har tidlegare vore misjonær i Japan. Den andre er Tove Halseth frå Bergsøya, som aldri har vore i Japan, men som likevel har fått vere med på japansk bibelgruppe.

- Eg spurde Inger om å få vere med , for eg fekk desse damene i Nima lagt på hjertet mitt på den digitale damedagen som vart sendt frå Misjonssalen, seier Marit.

- Eg kjende at eg skulle spesielt ta med desse damene i bøn til Herren. Første gongen grugleda eg meg, for min japansk er meget rusten, då det er 17 år sidan eg var i Japan for NLM. Det var spennande, utfordrande og kjekt .Tenk å få vere med i ei engelsk/japansk bibelgruppe når ein bur i Norge, fantastisk! TAKK for at eg får vere med til Nima, og sjå, lytte og vere med litt. Gud velsigne rikt arbeidet i Nima. Ver med og be for desse damene på biletet!

Tove var med ein gong i påskeferien.

- Det var triveleg og spennande å få treffe damene og sjå korleis bibeltimane gjekk føre seg, seier ho.

Be for Nima!

Kanskje fleire blir minna om å be for engelskelevane i Nima etter å ha lese dette. Ja, kanskje du til og med får lyst til å vere med på ein undervisningskveld? Neste klasse blir truleg 25. mai, kl. 12.30-14.00. Vi må passe på tidsforskjellen!

Be om at desse damene vågar seg inn på ei gudsteneste ein vanleg søndag og at dei kan bli ein del av flokken som samlast der, - ein liten flokk på omtrent åtte personar. Der er god plass til fleire! Be også om at dei får lyst til å lese Bibelen på japansk ilag med misjonær Chigane og den andre kristne i gruppa. Då blir mi engelskundervisning overflødig, og det er også målet. For engelsk er eigentleg berre ein fiskereiskap!