Våronn på Vestheim

Ja visst har våren kome

Det er vår, og med våren fylgjer klargjering til sommer

Ja visst har våren kome, også her på Vestheim.  Det ligg rett nok ei lang stripe med snø langs veggen til hovudbygget etter takras, men etter ei veke med mykje sol er plenane tørre.  På Vestheim betyr det kvar vår raking, mykje raking.  Tre er koselege og fine, men dei sprer om seg med veldig mykje kvist og lauv.  I går (29/4) kunne vi også endeleg glede oss over rein og svart asfalt på tunet.  Det tok nokre timar med høgtrykkspylar, men jammen vart det fint.

Det største prosjektet dette året har vore total renovering av badet på ei hytte.  Grunna dårleg arbeid då hytta vart bygt for 22 år sidan, måtte heile golvet og svill i yttervegg skiftast grunna roteskade.  Her har Roar Johansen og Geir Andresen gjort ein stor innsats (under vegleiing av Br.Johansen bygg) og spart Vestheim for store utlegg.

Elles er det roleg på Vestheim, alt for roleg. Vi hadde planlagt møte i forsamlinga no søndag andre mai, men så kom det eit utbrot i Ålesund som sette ein stoppar for det.  Alt av leirar denne våren er avlyst.  Heldigvis har vi lov å samle dei lokale barna til Ving og Tweens.  No er vi veldig spente på om vi får lov å arrangere leirane våre i juni.  I tillegg har vi leigt ut Vestheim til to andre leirar for andre kyrkjer. Den myanmarske forsamlinga i Ålesund har vore fast leigetakar i fleire år og kjem etter planen tilbake og skal ha leir i juli.  Sist jul feira dei forresten jul på Vestheim.

Dei siste sommarane har vi leigt ut to hytter til ferievikarar i helsevesenet i kommunen.  Det har stort sett vore svenskar, men også danskar og finnar.  I slutten av juli skal koret SKRUK bu på Vestheim ei lita veke.  Siste helga i juli skal ei vestnesjente som har vore mykje på Vestheim feire byllupet her.

Det er no eit år sidan vi var ferdige med den store ombygginga, men grunna pandemien har det ikkje vorte nokon opningsfest endå.   Nokon ny dato for ei slik markering er ikkje sett.  Vi håper og ber om at vaksinering no etter kvart skal skape normale tilstandar også for dei arrangementa som er planlagt på Vestheim.  Takk til alle som er med og ber dette viktige arbeidet.