Fra den første testinga

Lukasevangeliet snart klart på malinke-aust

I dag og i morgon vert det nyomsette Lukasevangeliet på malinke-aust «testa» i nye landsbyar.

I møter med små grupper av eldre, unge, menn, kvinner vil ein lese tekstdelar, stille spørsmål, be om gjenforteljing. Er språket forståeleg? Er ordvala gode? Er meining lett å få tak i? 

På underleg vis førte Gud Soriba i kontakt med komiteen for omsetjing av Bibelen til malinke-aust. I dag er han bibel-omsetjar på fritida. I mars 2021 vart 50 prøveeksemplar av Lukasevangeliet trykt opp. Ein stor dag! 

No skal tekstane kvalitetssjekkast. Testinga starta for litt sidan i ein landsby aust i fylket, i eit klasserom på den lokale skulen. Fyrste og andre april går turen til landsbyar vest for Mandingfjella. I ein av desse landsbyane spurde dei, sist vi var der: Når kjem det kyrkje her hjå oss?  

Seinare, i tida som kjem, skal andre landsbyar få vitjing av Soriba og medlemmar i Bibelkomiteen. 

Vær gjerne med oss i bøn: Be om Guds leiing i val av tekstar. Be om at Gud opnar ei dør for sitt Ord. Be om at vi får kome med velsigning.

Bibeloversetter Soriba
Testing av Lukasevangeliet:Bibelomsetjar Soriba leiar samlingane Bergfrid Almelid