Flokken på bedehuset

Kva gler du deg til?

Kva gler du deg til? I dag vil kanskje dei fleste svare; til pandemien er over. Det er ikkje eit svar å gle seg over, det seier heller ikkje så mykje om kva ein gler seg til. Kva gler du deg til?

Eg gler meg til å legge ned ein innsats for å kome til ein stad der eg og familien min får tilbe Gud saman med andre. Til å vere her å tilbe, be, smile til ein storebror som er over åtti, klappe ei litlesøster som er fire på hovudet og spør korleis det går. Eg gler meg til at nokon klappar meg på skuldra, smilar til meg og slik er eit uttrykk for Jesus sin kropp for meg.

Eg gler meg til nattverd og forkynning. Til å sitte å lytte på ein stad der det er sosialt uakseptabelt å ta opp telefonen å scrolle midt i ei preik (det vil vere til hjelp for meg), eg gler meg til kaffi og kaker, eg gler meg til å verte oppdatert på livet til søskena mine og eg gler meg til å synga saman med dei!

Når ein gler seg er det håp, det kan skapast ein lengsel som lærer oss tolmod. Å det å glede seg til noko endå betre er typisk for oss som er kristne. Kva gler du deg til?

«Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har fødd oss på nytt til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde! Han har fødd oss til ein arv som aldri forgår, aldri blir skitna til og aldri visnar. Denne arven er gøymd i himmelen for dykk, de som i Guds kraft blir haldne oppe ved tru så de når fram til frelsa. Ho ligg alt ferdig til å bli openberra i den siste tid.» 1. Peter 1,3-5