Det bygges.

Tryggheim får fleire elevplassar

Fleire kan utdanne seg til tømrarar og anleggsmaskinførarar på Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø.

Utdanningsdirektoratet har godkjent søknaden frå Tryggheim om å auke elevtalet på bygg- og anleggsteknikk. Skulen får 20 nye plassar og kan frå hausten 2021 ta imot totalt 85 elevar på avdelinga.

Sidan Tryggheim blei vidaregåande i 1983, har skulen utdanna tømrarar og snikkarar. Frå hausten 2021 skal avdelinga for bygg- og anleggsteknikk i tillegg gi opplæring til anleggsmaskinførarar. Til hausten køyrer skulen nemleg i gang programområdet Vg2 anleggsteknikk.

I tillegg til bygg- og anleggsteknikk tilbyr Tryggheim elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering. 200 elevar bur på internat på Tryggheim, mens om lag 300 andre får toget til å stoppe så nærme skulen at dei kan leve med å sove heime.