Foreningsmedlemmer

Kaffi på Skype

Preiketuren til Trøndelag vart, ikkje heilt uventa, avlyst.

Ein bør støtte opp om tiltaka styresmaktene legg opp til. Heldigvis er tilliten til sentrale myndigheiter framleis stor i landet vårt.

Men om ein reint fysisk må halde avstand kan ein møtast likevel meinte dei som er med i Børsa og Viggja misjonsforening. Dei held til i Skaun kommune, litt sør for Trondheim. Til vanleg samlast dei kvar 14. dag, som regel rundt i heimane. «Vi brukar å vere 10-12 personar som kjem i lag, og det er ikkje uvanleg at vi ber med oss nokon, naboar eller andre kjende. Vi har endåtil ein frå Syria som er med fast», seier Jan Tore Vespestad som er nyvald formann i foreininga. Sjølv har han og Guri vore i Kenya som misjonærar. «Vi har nokså nyleg flytta til bygda så vi set stor pris på det fellesskapet vi har i foreininga», seier Jan Tore som no er sokneprest i Melhus.

Og når teknologien er på plass kan ein samlast til foreining, på skjermen.

«Gjengen i foreininga er forresten veldig oppegåande», held Jan Tore fram. «Eit par av dei likar godt å styre med data og sånn. For litt sidan vart Guri og meg inviterte på kaffi på Skype. Det var faktisk veldig kjekt, vi heldt på i 3 timar. Men kaffien måtte vi sjølvsagt ordne sjølv.»

Bedehusmøtet vart avlyst, men predikanten fekk vere med på foreiningsmøte. Det vart tale og glimt frå arbeidet i Vest-Afrika. «Skal vi ta eit møte til?» spør formannen. Ok frå alle saman. Neste dag, same prosedure. «Kan du på måndag også?» Javel, så vart det møte nr. tre. Men då var det visst nok.

For predikanten var det ei fin erfaring. Ein kan faktisk kjenne at det er godt å koma saman sjølv om det berre er på ein skjerm.