folkemengde

Fellesskap 2021 er lokalt

Kvart år brukar NLM å arrangere ein konferanse for leiarar i misjonsfellesskap frå heile Noreg. Denne konferansen brukar å vere i Oslo, men i år vert det annleis; i staden for ei helg i Oslo, vert det ein laurdag nær deg.

 Rundt omkring i heile Noreg skal ulike vertskapsforsamlingar samle fellesskap frå området sitt til ein viktig dag med inspirasjon og påfyll.

Her i Region nordvest vert det arrangert i Misjonssalen Ålesund og Kristiansund. Fellesskap kan melde seg på direkte til dei. For påmelding i Ålesund meld dykk på her. For påmelding i Kristiansund kan de melde dykk på her.

Denne dagen er det fleire bidragsytarar som vert med oss: Sverre Bøe, Øystein Gjerme, Aud Karin Ringvold, Jarleif Gaustad og Ingebjørg Fauske. I tillegg til desse vert det lagt opp til at vi arbeidar i dei teama som kjem for å finne ut korleis dette kan sjå ut i våre lokale fellesskap.

Denne konferansen er aktuelt for alle fellesskap som har eit arbeid der de prøvar å nå ut over dykk sjølve. Om de driv husfellesskap, bedehusarbeid, forsamlingsarbeid eller anna arbeid der de vil nå fleire kan dette vere eit glimrande høve for dykk til å ta med dykk nyttig kunnskap og inspirasjon i arbeidet.